Áthos
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Athos (gresk: Όρος Άθως) er eit fjell og ei halvøy i Makedonia i nord i Hellas kalla Άγιον Όρος (Ayion Oros, Agion Oros, «heilag fjell»). I antikken vart halvøya kalla Ακτή (Acte eller Akte). Politisk er ho kjent i Hellas som den autonome klosterstaten til det heilage fjellet. Staden er oppført på lista over verdsarv og er heim til 20 ortodokse kloster som utgjer ein autonom teokratisk stat innafor republikken Hellas. Andeleg ligg Athos direkte under lovgjevinga til det økumenske patriarkatet Konstantinopel.
Halvøya er den austlegaste «foten» av den større Khalkidihalvøya. Athos strekk seg 60 km ut i Egearhavet med ei breidd på mellom sju og tolv kilometer og dekkjer eit område på rundt 390 km². Fjellet Athos og dei bratte sidene med tett skog reiser seg til 2 033 moh. Farvatnet rundt enden av halvøya kan vere farleg.
Sjølv om halvøya er forbunde med fastlandet kan ein berre nå ho med båt. Talet på vitjande er avgrensa og ein må ha spesialtilating før ein kjem til Athos. Berre menn slepp inn i området og ortodokse kristne vert prioritert i tillatingssprosedyrene. DeT er religiøse vakter som ikkje er munkar som assisterar munkane. Alle andre som ikkje er munker er påkrevd å leve i hovedstad på halvøya, Karyes. Dagens folketal er rundt 2 250 innbyggjarar.
[endre] Bakgrunnsstoff
[endre] Kjelde
- Denne artikkelen er basert på ei omsetjing av artikkelen Athos frå Wikipedia på bokmål.