VNC
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Virtual Network Computing (VNC) er nemninga på eit system for å få tilgang til eit skrivebord på ei tjenarmaskin via eit datanettverk. VNC overførar tastetrykk og museklikk frå ei datamaskin til ei anna, og sender eit oppdatert skjermbilete attende.
VNC er plattformuavhengig, ein VNC-klient (kalla VNC-viewer på engelsk) kan koblast til ein VNC-tjenar på kva som helst anna operativsystem. Det finst klientar og tjenarar for stort sett alle operativsystem, og for Java. Fleire brukarar kan koblast til ein VNC-tjenar samtidig. (Dette skil til dømes VNC frå programmet Remote Desktop i Windows der berre eit skrivebord er tilgjengeleg). VNC vert brukt til dømes for å fjernstyre PC-ar eller tjenarmaskiner ved ymse teknisk support, eller for å få tilgang til filer på ein PC frå ein annan stad.
Det var AT&T som først utvikla VNC. Koden er open kjeldekode og lisensiert under GNU sin GPL-lisens, så det finst mange versjonar av VNC tilgjengeleg.