Tvedestrandfjorden
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Tvedestrandfjorden er ein fjord i Tvedestrand kommune. Fjorden er ei fortsetjing av Oksefjorden. Han har innløp ved Furøya og strekk seg litt over 3 km nordover og endar opp i to bukter. I den vestlege bukta ligg sjølve Tvedestrand, medan Østerå ligg i den austlege bukta, som heiter Østeråbukta.