Oksefjorden i Aust-Agder
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Oksefjorden er ein fjord langs grensa mellom kommunane Tvedestrand og Arendal. Mesteparten av fjorden ligg mellom Borøya i aust og Tverrdalsøya i vest. Han har innløp ved Oksefjorden fyr sør for Borøya og går nordover og nord for Tverrdalsøya til innløpet av Tvedestrandfjorden. Den totale lengda til fjorden er om lag 5 km. På vestsida av Tverrdalsøya ligg Eikelandsfjorden.
Den største tettstaden ved Oksefjorden er Utgardsstranda på Borøya, like ved innløpet til fjorden.