Tsjuvasjia
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
|
|||
Hovudstad | Tsjeboksary | ||
Areal - total |
(79.) - 18 300 km² |
||
Folketal - Total |
(41.) - 1 346 300 (2002) |
||
Administrativ status | republikk | ||
Føderalt distrikt | Privolzjskij (Volga) | ||
Økonomisk region | Volga-Vjatka | ||
President | Nikolaj V. Fjodorov | ||
Nasjonalsong | — | ||
Kadaster-nr | |||
Offisielle språk | russisk, tsjuvasjisk |
Tsjuvasjia (russisk: Чувашская Республика; tsjuvasjisk: Чăваш Республики) er ein republikk i Russland og heimlandet til det tsjuvasjiske folket. Det er eit av føderasjonssubjekta i den russiske føderasjonen. Hovudstaden er Tsjeboksary, ein by ved Volga med om lag ein halv million innbyggjarar.
Innhaldsliste |
[endre] Folk
Størsteparten (om lag 906 000) av innbyggjarane er tsjuvasjar. Tsjuvasjia har 1 727 større og mindre landsbyar der det nesten berre bur tsjuvasjar. I dei største byane bur det òg mange russarar, tatarar, mordvinarar, ukrainarar og mariar.
[endre] Geografi
Tsjuvasjia er samansett av 21 distrikt (russisk: районы):
- Alátyrskij (Алатырский)
- Alikovskij (Аликовский)
- Batyrevskij (Батыревский)
- Ibresinskij (Ибресинский)
- Jadrinskij (Ядринский)
- Jaltsjikskij (Яльчикский)
- Jantikovskij (Янтиковский)
- Kanasjskij (Канашский)
- Komsomolskij (Комсомольский)
- Kozlovskij (Козловский)
- Krasnoarmejskij (Красноармейский)
- Krasnotsjetajskij (Красночетайский)
- Mariinsko-Posadskij (Мариинско-Посадский)
- Morgausjskij (Моргаушский)
- Poretskij (Порецкий)
- Sjemursjinskij (Шемуршинский)
- Sjumerlinskij (Шумерлинский)
- Tsivilskij (Цивильский)
- Tsjeboksarskij (Чебоксарский)
- Urmarskij (Урмарский)
- Vurnarskij (Вурнарский)
[endre] Byar
- Tsjeboksary (440 621)
- Novotsjeboksarsk (125 857)
- Kanasj (50 593)
- Alátyr (45 800)
- Sjumerlja (36 239)
- Kozlovka (13 054)
- Tsivilsk (12 967)
- Kugesi (11 658)
- Jadrin (10 573)
- Mariinskij-Posad (10 273)
(folketal frå 2002)
[endre] Språk
I byane er russisk det mest brukte språket, på landsbygda er tsjuvasjisk meir utbreitt.
[endre] Eksterne kjelder
Republikken sine offisielle heimesider på russisk, engelsk og tysk
Kommersant artikkel på engelsk
Russiske republikkar | ||
Adygeja | Altaj | Basjkortostan | Burjatia | Dagestan | Ingusjetia | Kabardino-Balkaria | Kalmykia | Karatsjajevo-Tsjerkessia | Karelen | Khakasia | Komi | Mari El | Mordovia | Nord-Ossetia | Sakha | Tatarstan | Tsjetsjenia | Tsjuvasjia | Tyva | Udmurtia |