Transportlaget
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
7. Applikasjonslaget |
6. Presentasjonslaget |
5. Sesjonslaget |
4. Transportlaget |
3. Nettverkslaget |
2. Datalinklaget |
1. Fysisk lag |
Transportlaget er lag fire i OSI-modellen og tek i mot data frå sesjonslaget som blir delt opp i mindre bitar om nødvendig og sendt ned til nettverkslaget. Transportlaget kan avhengig av bruksområde implementere ein pålitleg ende-til-ende-kanal som beheld same rekkefølgja på meldingar eller data som da dei vart sende. Vanlegvis blir det oppretta eit uavhengig nettverkssamband for kvart samband sesjonslaget krev.