Nettverkslaget
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
7. Applikasjonslaget |
6. Presentasjonslaget |
5. Sesjonslaget |
4. Transportlaget |
3. Nettverkslaget |
2. Datalinklaget |
1. Fysisk lag |
Nettverkslaget er lag tre i OSI-modellen og tek i mot forespørslar frå transportlaget og sender forespørslar til datalinklaget.
Nettverkslaget adresserer pakker og oversett logiske adresser, til dømes IP-adresser og navn til fysiske adresser som blir brukt på datalinklaget. Hovudoppgava til nettverkslaget er å sende pakker frå ein avsendar til ein mottakar som er kobla til ulike nett. Dette er ei utviding frå datalinklaget som har som oppgave å sende rammer frå ei maskin til ei anna på det same nettverket.
Nettverkslaget er altså det lågaste laget som handterer ende til ende overføring. Oppgava med å finne vegen mellom avsendar og mottakar blir kalla ruting.