Transkaukasus
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Transkaukasus, òg kalla Transkaukasia eller Sør-Kaukasus, er den sørlege delen av området Kaukasus mellom Europa og Asia. Det strekk seg frå Store Kaukasus til grensa til Tyrkia og Iran mellom Svartehavet og Kaspihavet. Området inkluderar Colchis, Kuralåglandet, Talysjfjella, låglandet Lenkoran, Litle Kaukasus og Det armenske høglandet. Heile Armenia ligg i Transkaukasus, i tillegg til mesteparten av Georgia og Aserbajdsjan, inkludert eksklaven Nakhitsjevan. Landa i området produserar olje, mangan, te, sitrusfrukt og vin.
I vestlege språk er uttrykket Transkaukasus ei omsetjing av det russiske zakavkazje som tyder «området bortafor Kaukasusfjella».
Regionen har fleire omstridde området, Abkhazia og Sør-Ossetia i Georgia, og Nagorno-Karabakh i Aserbajdsjan.
[endre] Sjå òg
- Kaukasus
- Kaukasia
- Nord-Kaukasus (Ciscaucasia)
[endre] Kjelder
- Denne artikkelen er basert på ei omsetjing av artikkelen South Caucasus frå Engelsk Wikipedia .