Telugu
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Telugu er eit dravidisk språk som er offisielt språk i den indiske delstaten Andhra Pradesh og som òg blir tala i tilgrensande område. På 1800-talet vart språket kalla «the Italian of the East», eller «Austens italiensk», sidan alle ord i telugu ender på vokal.
Ordrekkefølgen er fastlagd, slik at til dømes objekt alltid må koma før verbet.
Telugualfabetet er fonetisk og har 56 bokstavar som kvar svarar til éin språklyd. Det har store likskapar med kannadaalfabetet.
Språket har teke opp mange lånord frå sanskrit.