Tangloppe
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Tangloppe |
||
|
||
Systematikk | ||
Rekkje: | Arthropoda | |
Underrekkje: | Crustacea | |
Klasse: | Malacostraca | |
Underklasse: | Eumalacostraca | |
Overorden: | Peracarida | |
Orden: | Amphipoda | |
Vitskapleg namn | ||
Amphipoda |
Tanglopper eller amfipodar er ei stor og artsrik krepsdyrgruppe som hovudsakeleg lever i havet. Somme artar finst òg i ferskvatn eller på land. Gruppa omfattar over 7000 beskrivne artar, om lag 400 av dei er registrert i norske farvatn.
Innhaldsliste |
[endre] Kjenneteikn
Tanglopper flest er flattrykt frå sidene, med ryggen i boge som ein markert kjøl. Dei har 5-6 par gangbein i tillegg til 1-2 par gripeføter og 3 par symjebein. Bakerst på kroppen har dei tre par uropodar, som definerar gruppa. Til skilnad frå mange andre krepsdyr manglar dei ryggskjold (carapax) og har som regel klar differensiering mellom mellom- og bakkropp.
Storleiken til tangloppene ligg vanlegvis mellom 2 og 60 mm, men somme djuphavsartar kan oppnå lengder på heile 30 cm.
Å artsbestemma tanglopper er rekna som særs vanskeleg.
[endre] Levesett
Tanglopper er ei stor og mangfaldig gruppe organismar som utnyttar eit breitt utval av nisjer. Dei fleste artane er bentiske og vert ofte funne i samband med tang eller hydroidar, andre artar lever pelagisk frittsymjande eller kommensalt. Nokre få artar lever òg parasittisk.
[endre] Underordenar
Gammaridea er den vanlegaste underordenen tanglopper, og omfattar 5700 artar. Alle ferskvassformene høyrer til her.
Corophiidea eller spøkelseskreps har langstrakte, sylindriske kroppar med færre lemmar enn andre tanglopper. Ein kjenner til 13 artar ved norskekysten, og dei fleste lever kommensalt på botnlevande organismar i område med mykje straum eller bølger. Nokre er òg parasittiske, t.d. kvallus Paracyamus boopis.
Hyperiidea lever pelagisk og vert kjenneteikna av enorme augo som dekkjer nesten heile hovudet. Mange av artane er kommensialistar eller parasittar på manetar eller salpar, men heilt frittsymjande former finst òg. Dei fleste hyperidane førekjem helst på litt djupare vatn.
Ingolfiellidea er den minste underordenen og omfattar berre to familiar. Dei er ikkje kjend frå norske farvatn.
[endre] Kjelder
- Crustacea.net
- The Biology of Amphipods
- Moen, Frank Emil & Svensen, Erling: Dyreliv i havet - nordeuropeisk marin fauna Kom forlag 2003