Surinam
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
|
|||||
Nasjonale motto: Latin: Justitia - Pietas - Fides (Rettferdigheit - Gudfryktigheit - Truskap) | |||||
Offisielle språk | Nederlandsk | ||||
Hovudstad | Paramaribo | ||||
Styresett |
Republikk Ronald Venetiaan |
||||
Flatevidd - Totalt - Andel vatn |
163 270 km² (92.) 1,1 % |
||||
Folketal - Estimert (2005) - Folketeljing (—) - Tettleik |
438 144 (163.) — 3/km² (190.) |
||||
Sjølvstende |
Frå Nederland 25. november 1975 |
||||
BNP - Totalt (2005) - Per innbyggjar |
2,812 mrd. USD (161.) 6 025 USD (95.) |
||||
Valuta | Surinamsk dollar | ||||
Tidssone | UTC -3 | ||||
Nasjonalsong | God zij met ons Suriname | ||||
Nasjonaldag | 25. november | ||||
Internasjonal telefonkode | +597 | ||||
Nasjonale toppdomene | .sr | ||||
Republikken Surinam er ein tidlegare nederlandsk koloni i Sør-Amerika, som grensar til Atlanterhavet i nord, Guyana i vest, Brasil i sør og Fransk Guyana i aust.
[endre] Klima
Atlanterhavskysten av Surinam er stort sett påverka av den fuktige og nordaustlege passatvinden. To gonger i året passerer den intertropiske konvergenssona med skyer og regn i heile området. Første passasjen er frå mail til juli og den andre frå november til januar. Låglandet har eit typisk varmt, vått og tropisk klima med om lag like mange våte dagar som tørre dagar. Om natta er det særleg lummert og trykkande, men om dagen har ein i kystområda ofte ein sjøbris som gjev litt friskare forhold.
Det høgare platået i indre strøk har litt mindre nedbør, og som regel ei våtare tid som varer frå april til september. Alle månadane får likevel ein del regn. Dagtemperaturane er litt lågare enn på kysten og nattetemperaturane er mykje lågare, så klimaet her er mindre ubehagleg.
Sør-Amerika |
Argentina| Bolivia | Brasil | Chile | Colombia | Ecuador | Guyana | Panama |