Colombia
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
- Sjå òg Columbia, eit namn knytta til mykje i eller frå USA.
|
|||||
Nasjonale motto: spansk: Libertad y Orden (fridom og orden) | |||||
Offisielle språk | Spansk | ||||
Hovudstad | Bogotá | ||||
Styresett |
Republikk Álvaro Uribe |
||||
Flatevidd - Totalt - Andel vatn |
1 138 910 km² (26.) 8,8 % |
||||
Folketal - Estimert (2005) - Folketeljing (—) - Tettleik |
42 954 279 (27.) — 38/km² (134.) |
||||
Sjølvstende - Erklært - Anerkjent |
Frå Spania 20. juli 1810 7. august 1819 |
||||
BNP - Totalt (20025) - Per innbyggjar |
336,808 mrd. USD (29.) 7 303 USD (82.) |
||||
Valuta | Colombiansk peso | ||||
Tidssone | UTC -5 | ||||
Nasjonalsong | Oh Gloria Inmarcesible! | ||||
Nasjonaldag | 20. juli | ||||
Internasjonal telefonkode | +57 | ||||
Nasjonale toppdomene | .co | ||||
Colombia er ein republikk i det nordvestlege Sør-Amerika som grensar til Panama i nordvest, Det karibiske havet i nord, Venezuela i aust, Brasil, Peru og Ecuador i sør og Stillehavet i vest.
Innhaldsliste |
[endre] Geografi
Colombia har kyst både mot Atlanterhavet og Stillehavet. Rio Magdalena er den største elva og renner sør-nord-vest i landet. Pico Cristobal Colon og Pico Simon Bolivar er dei to høgaste fjella og ligger nordaust i Colombia.
[endre] Klima
Colombia har tropisk klima, men dei høgareliggande områda kan ha litt andre klimaforhold. På Stillehavskysten, og i dei lågare sidene av dei vestlege Andesfjella har ein regnmengder på over 2500 mm, og fleire stader meir enn 5000 mm i året. Alle månadane her er våte. Temperaturane og fukta held seg høg året rundt og klimaet er generelt lummert og trykkande. Noko uvanleg er det derimot at det meste av regnet kjem om natta, men ein har òg ein god del torevêr på ettermiddagen.
Kystområda langs Det karibiske havet er derimot ikkje så våte, og her er det tørrast frå desember til mars. Området er òg varmt og fuktig. Mot aust av denne kysten er regnmengdene låge for å vere eit tropisk kystområde.
Det meste av dei sentrale områda av Colombia er fjellområde, og dei høgaste toppane i Andesfjella her stig til over 5000 m. Fjella utgjer ei rekkje fjellrekkjer mellom dei store elvene Magdelenaelva og Caucaelva som strøymer nordover i dei vide dalane. Temperaturane her er avhengig av høgda. Fjellområda over 4500 m får mesteparten av nedbøren sin som snø, og heile området får om lag 1000-2500 mm nedbør på eit år, og nedbøren er jamt fordelt gjennom året.
I Bogotá er nettene kjølege, men sjeldan verklege kalde, og frost har ein nesten aldri. Dagane har fine temperaturar, men det vert sjeldan svært varmt. Ein har ofte skya vêr og regn om ettermiddagen.
Låglandet i austlege delar av landet er mindre folkesett og lite utvikla. Klimaet her er varmt året gjennom med ein god del nedbør, om lag 2000-2500 mm i året. Som i andre områder av det nordlege Amazonasbekkenet har ein hovudsakleg to våtare perioder, ei frå desember til januar og ei i april og mai.
[endre] Historie
For å forklare dagens situasjon i Colombia, Må man gå heilt tilbake til koloniseringa. På 1600- og 1700- talet var det meste av Sør-Amerika spanske koloniar. Men det tok slutt då frihetskjemperen Simon Bolivar starta ein frigjeringskamp i fyrste halvdel av 1800-tallet. Han frigjorde Colombia, Venezuela, Panama, Ecuador og Peru frå spansk kontroll, og fekk det spanske overherredømmet til å nesten dødsstøtet på kontinentet.
[endre] Politikk
I likskap med mange latinamerikanske land har colombiansk politikk blitt dominert av to parti. Dei liberale og dei konservative. Desse partia delte makta mellom seg noko som sto nedfelt i grunnlova. Til tross for dette er presidenten partipolitisk uavhengig. Uansett så er politikken slik at eit lite mindretal har nesten all makta. Landet er USAs viktigaste støttespiller i regionen og er kjent for å ha ein lang voldeleg politisk historie. Desse voldsomheitane eksisterer framleis med fleire radikale grupper som slåss både mot regjeringa og kvarandre. Regjeringa er ofte beskyldt for å ha tette band til denne gruppa.
[endre] Økonomi
Colombia har eit stramt budsjett og store innenrikskonfliktar. Andre problem er stor arbeidsledigheit og stor fattigdom. Colombias største eksportvarer er olje og kaffi, i tillegg er det stor ulovleg eksport av narkotika. Presidenten har derimot satt i gang ein rekke økonomiske reformer.
[endre] Forsvar
Colombias forsvar består av tre delar: • Ejercito Nacional de Colombia (hæren) • Armada Nacional de Colombia (sjøforsvaret) • Fuerza Aerea Colombiana (Luftforsvaret)
Presidenten er øverstkommanderande, men forsvarsdepartementet står for det daglige tilsynet. Dei militære styrkane består av ca 250 000 soldatar. Colombia brukar ca 6,1 BNP på forsvar, dette er ein av dei høgaste i verda. Det er allmenn verneplikt og verneplikta er to år.
[endre] Utdanning
Den normale politikken i det nyliberale Colombia ser du også i universitetspolitikken. Frå starten av 90-tallet har det vært ei enorm privatisering av studieplassane. Kun 25% av elevane går på offentleg universitet.
[endre] Bakgrunnsstoff
Sør-Amerika |
Argentina| Bolivia | Brasil | Chile | Colombia | Ecuador | Guyana | Panama |