See also ebooksgratis.com: no banners, no cookies, totally FREE.

CLASSICISTRANIERI HOME PAGE - YOUTUBE CHANNEL
Privacy Policy Cookie Policy Terms and Conditions
Sullom Voe - Wikipedia

Sullom Voe

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Sullom Voe oljeterminal  (Foto: Anne Burgess)
Sullom Voe oljeterminal
(Foto: Anne Burgess)
Kart over Shetland. Både Sullom Voe og oljeterminalen er avmerka.
Kart over Shetland. Både Sullom Voe og oljeterminalen er avmerka.

Sullom Voe (av norrønt Solheimavagr) er eit sund mellom halvøya Northmavine og resten av Northern MainlandShetland i Skottland. Det er óg namnet på petroleumsterminalen som ligg ved dette sundet. Sullom Voe er ein av dei største oljeterminalane i Europa.

Sundet er dels skjerma frå vind og vêr av øya Yell i aust, og det vart brukt som miltær flybase av det norske flyvåpenet og RAF under den andre verdskrigen. Då oljeterminalen skulle leggjast der, vart den gamle flybasen, som hadde lege ubrukt sidan verdskrigen, opprusta og modernisert til å verte Scatsta Airport. Etter at utbygginga av terminalen var ferdig minka trafikken til flyplassen og det vart vedteke å leggje han ned. I staden vart trafikken som før gjekk til Baltasound flyplass på Unst førd over til Scatsta og i dag er det mykje forsyningsaktivitet med helikopter til oljeinstalasjonane i Nordsjøen som går frå Scatsta.

Den fyrste råolja vart funnen i Nordsjøen i 1969 og snart etter vart det vedteke at Sullom Voe skulle verte staden for ein stor oljeterminal. Terminalen ligg nordaustom landsbyen Brae og vart opna i 1975. Utbygginga av terminalen fortsette heilt fram til i 1982. Olje kjem inn til terminalen i røyr frå oljefelta Brent og Ninian. I Sollum Voe vert olja lasta over på tankskip. Nyleg har terminalen byrja å ta i mot olje frå felta i Nord-Atlanterern óg.

Då Shetland vart peika ut som staden der terminalen og støttefunksjonane for oljefelta i Nordsjøen skulle skulle liggje venta selskapa som deltok i utbygginga at kvart selskap skulle ha sin eigen terminal. For å gjere dei uheldige fyljene for miljøet minst råd vedtok Shetland Islands Council at det skulle vere ein stor terminal der all olja skulle kome inn, og at han skulle liggje i Sullom Voe. Dette hadde dei makt til å gjere etter at Parlamentet i London hadde vedteke Zetland County Council Act i 1974. Terminalen er i dag driven av oljeselskapet BP for eit samband av selskap som driv oljeutvinninga i Nordsjøen og Nord-Atlanteren.

[endre] Bakgrunnstoff

Koordinatar: 60°26′58″N 1°18′4″W

Denne artikkelen byggjer på «Sullom Voe» henta frå Wikipedia på engelsk 15. mai 2007.


aa - ab - af - ak - als - am - an - ang - ar - arc - as - ast - av - ay - az - ba - bar - bat_smg - bcl - be - be_x_old - bg - bh - bi - bm - bn - bo - bpy - br - bs - bug - bxr - ca - cbk_zam - cdo - ce - ceb - ch - cho - chr - chy - co - cr - crh - cs - csb - cu - cv - cy - da - de - diq - dsb - dv - dz - ee - el - eml - en - eo - es - et - eu - ext - fa - ff - fi - fiu_vro - fj - fo - fr - frp - fur - fy - ga - gan - gd - gl - glk - gn - got - gu - gv - ha - hak - haw - he - hi - hif - ho - hr - hsb - ht - hu - hy - hz - ia - id - ie - ig - ii - ik - ilo - io - is - it - iu - ja - jbo - jv - ka - kaa - kab - kg - ki - kj - kk - kl - km - kn - ko - kr - ks - ksh - ku - kv - kw - ky - la - lad - lb - lbe - lg - li - lij - lmo - ln - lo - lt - lv - map_bms - mdf - mg - mh - mi - mk - ml - mn - mo - mr - mt - mus - my - myv - mzn - na - nah - nap - nds - nds_nl - ne - new - ng - nl - nn - no - nov - nrm - nv - ny - oc - om - or - os - pa - pag - pam - pap - pdc - pi - pih - pl - pms - ps - pt - qu - quality - rm - rmy - rn - ro - roa_rup - roa_tara - ru - rw - sa - sah - sc - scn - sco - sd - se - sg - sh - si - simple - sk - sl - sm - sn - so - sr - srn - ss - st - stq - su - sv - sw - szl - ta - te - tet - tg - th - ti - tk - tl - tlh - tn - to - tpi - tr - ts - tt - tum - tw - ty - udm - ug - uk - ur - uz - ve - vec - vi - vls - vo - wa - war - wo - wuu - xal - xh - yi - yo - za - zea - zh - zh_classical - zh_min_nan - zh_yue - zu -