Stormfuglfamilien
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Stormfuglfamilien |
||
|
||
Systematikk | ||
Rike: | Animalia | |
Rekkje: | Chordata | |
Klasse: | Aves | |
Orden: | Procellariiformes | |
Familie: | Procellariidæ
Leach, 1820 |
|
Artar i Noreg | ||
|
Stormfuglfamilien (Procellariidæ) er ei gruppe av sjøfugl som femnar om havhestar, petrellar, kvalfuglar og lirer. Saman med albatrossfamilien, stormsvalefamilien og dukkpetrellfamilien utgjer stormfuglfamilien ordenen stormfuglar, Procellariiformes.
Procellariidæ er den mest talrike familien av ordenen stormfuglar, og held dei mest varierte artane. Fuglane i familien varierar i storleik frå kjempepetrellane som er nesten like store som albatrossane, til kvalfuglane, som er så små som dei største stormsvalene. Dei lever av fisk, blekksprut og krepsdyr, mange tar òg utkast frå fiskebåtar og daud fisk. Alle artar driv fangst over store avstandar og fleire foretar transekvatoriale migreringer. Dei dannar koloniar og er monogame. Alle artar legg eitt egg per hekkesesong. Rugeperioden og perioden fram til ungane er sjølvstendige er svært lang samanlikna med tilsvarande periode hos andre fuglefamiliar.
Somme artar av stormfuglfamilien har ein bestand på fleire millionar par medan andre artar har mindre enn 200 attlevande individ. Menneske har tradisjonelt utnytta fleire artar av havhestar og lirer som mat, til brennstoff og til agn, ein praksis som held fram på ein kontrollert måte i dag. Fleire artar er trua av introduserte artar som åtakar ungar og vaksne i hekkekoloniane og dei er òg trua av linefisket.
Det finst klassifisert om lag 80 artar i 14 slekter. Sjekkliste for Europa inneheld 22 artar og for Noreg 7 artar.
[endre] Kjelde
- Denne artikkelen er basert på ei omsetjing av artikkelen Procellariidae frå Engelsk Wikipedia .