Fisk
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Fisk er kaldblodige virveldyr som lever i vatn. Dei har finnar, skjel og spord, og pustar for det meste med gjeller. Det finst opp mot 30.000 fiskeslag, og dei lever overalt kor det finst vatn.
Som biologisk systematisk omgrep er ordet unøyaktig, sidan ordet vert nytta om fleire ulike klassar som ikkje er nærare i slekt med kvarandre enn med t.d. amfibium. Me seier det er ein parafyletisk gruppe.
Studiet av fisk heiter iktyologi.
Innhaldsliste |
[endre] Anatomi
Fisk er ei stor og evolusjonært sett gamal gruppe organismar som førekjem i vatn under ei rekkje ulike miljøtilhøve. Dette gjer at det eksisterar stor formvariasjon mellom dei, sjølv om dei òg har fleire fellestrekk.
Kroppen til ein fisk er som regel straumlinjeforma, ofte med ei viss form for flattrykking frå sidene eller vertikalt. Det finst òg mange fisk med avlange, slange-liknande kroppar. Kroppen delast inn i hovudet, kroppen og halen; ei inndeling som ikkje alltid er synleg frå utsida av fisken.
Alle fisk unnteke slimål har finner. Dei kan vera para, som bryst- og bukfinnene, eller upara, som halefinna. Hjå strålefinnefisk består dei av eit tynt hudlag på eit skjelett av mjuke og harde finnestrålar, med musklane plasserte ved rota. Kjøtfinnefisk har musklar integrert i sjølve finnene. Bruskfisk som hai har harde og stive finner dei ikkje kan røyra på, og sym difor med heile kroppen. Niauger manglar para finner.
[endre] Fiskesystematikk
Tidlegare vart fiskane rekna som ei klasse Pisces, men dette har ein gått vekk frå i dag. Forskarar meiner fisk er ei parafyletisk gruppe, sidan alle kladogram som omfattar alle fisk òg er nøydde til å omfatta etterkommarane deira tetrapodane: amfibium, krypdyr, fugl og pattedyr. Omgrepet er difor ikkje gyldig i moderne biologisk systematikk.
Dyr som vert omtalt som fisk i daglegtale fell under desse gruppene:
- Fisk utan kjever
- Fisk med kjever
- Klasse Placodermi (utdøydde panserfisk)
- Klasse Chondrichthyes (bruskfisk: hai, skate, havmus)
- Klasse Acanthodii (utdøydde)
- Overklasse Osteichthyes (beinfisk)
- Klasse Actinopterygii (strålefinnefisk)
- Underklasse Chondrostei (bikirar, stør)
- Underklasse Neopterygii
- Infraklasse Holostei (m.a. pansergjedder)
- Klasse Actinopterygii (strålefinnefisk)
-
-
-
- Infraklasse Teleostei (ekte beinfisk)
-
- Klasse Sarcopterygii (kvastfinnefisk)
- Underklasse Coelacanthimorpha (coelacanthar)
- Underklasse Dipnoi (lungefisk)
-
[endre] Fisk som mat
Fisk er ei viktig kjelde til protein, vitamin A og D, jod, selen og ikkje minst omega-3-fettsyrer. Over ein milliard menneske har fisk som viktigaste proteinkjelde.
Tradisjonelle norske måtar å eta fisk er luta, raka, graven, røykt, speken, kokt, dampa, bakt, steikt, som pinnar, som pudding, som kake, i grateng, turka og utvatna. Nyare måtar er rå i sushi eller ceviche.
[endre] Eksterne lenkjer
- FishBase er ei stor kunnskapsdatabase om fisk.