Steinskvett
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Steinskvett |
||
Systematikk | ||
Rike: | Animalia | |
Rekkje: | Chordata | |
Klasse: | Aves | |
Orden: | Passeriformes | |
Familie: | Muscicapidae | |
Slekt: | Oenanthe | |
Art: | O. oenanthe | |
Vitskapleg namn | ||
Oenanthe oenanthe |
Steinskvett (Oenanthe oenanthe) er ein fugl som er utbreidd i Europa, Russland, Sentral-Asia, Alaska, Canada og Grønland. Han lever i opent og steinet terreng. I Noreg finst steinskvetten over heile landet, men er mest talrik i fjellet. Han finst òg på Svalbard. Steinskvetten trekk til tropisk Afrika i august-september. Han kjem tilbake i april-mai.
Fuglen er ca. 14 cm og 21-30 gram. Han har kvit panne og overaugestripe. Vengene er svarte. Hannen har blågrå isse og rygg og ei svart stripe gjennom auget. Hoa har brungrå overside. Songen er melodiske kvitre- og skurelydar.
Steinskvetten et larvar, insekt og edderkoppdyr. Om hausten kan han òg eta bær.
Reiret er laga av plantedelar og ligg i holrom i bakken, under steinheller eller liknande plassar. Hoa legg 5-7 lyseblå egg i mai-juni. Rugetida er 14 døgn. Ungane blir i reiret to veker. Steinskvetten vert kjønnsmoden etter eitt år og kan leva i sju år. Par kan halda saman i fleire år og koma tilbake til det same hekkeområdet, men hannen parar seg gjerne med fleire hoer. Røyskatt og kråker kan ta reir.
Steindulp er eit anna namn på fuglen.
[endre] Bakgrunnsstoff
[endre] Bakgrunnsstoff
[endre] Kjelder
- Olav Hogstad: Norges dyr – fuglene 3. 1991