Soleglad
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Soleglad eller solnedgang er når den øvre randa av sola om kvelden vert borte under horisonten. Langs same breiddegrad vil tida for soleglad finne stad fire minutt seinare for kvar lengdegrad vi går vestover, fire minutt tidlegare for kvar grad vi går austover.
I Noreg er det tidlegaste tidspunktet for soleglad i midten av desember — klokka 1511 i Oslo, klokka 1528 i Bergen og klokka 1431 i Trondheim. I Tromsø glader sola klokka 1200 26. november og renn ikkje før på nyåret.
Det seinaste tidspunktet for soleglad i Noreg er like før jonsok, då glader sola klokka 2244 i Oslo, klokka 2311 i Bergen og klokka 2338 i Trondheim (klokkeslett etter sommartid). Tromsø har midnattsol frå 17. mai.