Skyros
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Skyros Lokalt namn: Σκύρος |
|
---|---|
Geografi | |
Stad | Egearhavet |
Koordinatar | Koordinatar: |
Øygruppe | Sporadane |
Areal | 209 km² |
Høgaste punkt | Olympos (903 moh) |
Administrasjon | |
Land | Hellas |
Periferi Prefektur |
Sentral-Hellas Euboea |
Demografi | |
Folketal | 2 602 (2001) |
Folketettleik | 12,5 /km² |
Skyros (gresk: Σκύρος) er den sørlegaste øya i Sporadane i Egearhavet i Hellas. Rundt år 2000 fvt. vart øya kalla «Øya til magnetane», der magnetane budde, og seinare Pelasgia og Dolopia. Med eit areal på 209 km² er ho den største av Sporadane og har eit folketal på om lag 3 000 (2003).
Den nordlege delen av øya er dekka av skog, og her ligg óg det høgaste punktet på øya, Olympos på 903 meter over havet, medan den sørlege enden er dominert av fjellet Kokhila og er bar og steinete. Hovudbyen på øya heiter óg Skyros (eller lokalt Khora). Den største hamna, som ligg på vestkysten, er Linaria. På øya ligg det ei borg (kastro) som vart bygd under den venetianske okkupasjonen (1200- til 1400-talet), eit austromersk kloster (Klosteret av St. Georg), grava til den engelske diktaren Rupert Brooke ved hamna Tris Boukes og den arkeologiske utgravinga Palamari frå bronsealderen. Det er mange strender langs kysten.
Ein kan nå Skyros med båt frå Skiathos eller Euboea.
[endre] Historie
I gresk mytogolgi skal Theseus ha døydd på Skyros.
I 475 fvt. erobra Kimon heile øya. Frå denne tida vart øya ein del av Det athenske forbundet, som seinare vart det athenske riket. Kimon hevda å ha funne levningane etter Theseus og sende dei tilbake til Athen.
I 340 fvt. tok makedonarane over øya og regjerte over ho fram til 192 fvt. då romerske styrkar og Filip V av Makedonia gav ho tilbake til Athen.
[endre] Bakgrunnsstoff
[endre] Kjelde
- Denne artikkelen er basert på ei omsetjing av artikkelen Skyros frå Engelsk Wikipedia .
|
||
---|---|---|
Busette øyar | Skiáthos • Skópelos • Skýros • Alónissos | |
Andre øyar | Adelfíøyane • Ajos Jeorjos Skopelou • Argos Skiathou • Dasia • Erinia • Grammeza • Joúra • Kyrá Panajá • Lekhoussa • Peristéra • Pipéri • Psathoúra • Répio • Rinia Skyrou • Sarakinó • Skandili • Skándzoura • Skyropoúla • Tsoungriá • Válaxa |