Skopelos
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Skopelos Lokalt namn: Σκόπελος |
|
---|---|
Geografi | |
Stad | Egearhavet |
Koordinatar | Koordinatar: |
Øygruppe | Sporadane |
Areal | 95 km² |
Høgaste punkt | Delphi (681 moh) |
Administrasjon | |
Land | Hellas |
Periferi Prefektur |
Thessalia Magnesia |
Demografi | |
Folketal | 4 696 (2001) |
Folketettleik | 49 /km² |
Skopelos (gresk: Σκόπελος) er ei øy vest i Egearhavet i Hellas. Øya er ein del av Dei nordlege Sporadane, og ligg like aust for det greske fastlandet, nordaust for øya Euboea. Ho høyrer til prefekturet Magnesia i periferien Thessalia. Skopelos er óg namnet på den største hamna og kommunesenteret på øya. Dei andre samfunna på øya er Glossa og Neo Klima (Elios).
Innhaldsliste |
[endre] Geografi
Skopelos har to fjell på over 500 meter. Det eine er Delphi på 681 meter over havet på midten av øya, og det andre er Palouki på 546 meter over havet i søraust. Med eit areal på 95 km² er Skopleos litt større enn Mykonos (85 km²) og Santorini (73 km²). Den næraste busette øya er Skiathos i vest og Alonissos i aust.
[endre] Historie
I følgje segnet vart Skopelos danna av Stafylos (gresk for drue), ein av sønene til guden Dionysos og prinssessa Ariadne av Kreta. Historisk vart øya kalla Peparethos seint i bronsealderen og var kolonisert av kretarar som introduserte vindyrking her.
Kanskje på grunn av dette segnet vart øya gjennom antikken kjend for vinen sin. Skodespelet Filoktetes (først framført ved Dionysusfestivalen i 409 fvt.) av Sofokles inneheld ein vinkjøpmann som gjekk seg vill då han skulle til «Peparethos - rik på druer og vin».
I 1936 gjorde ein utgravingar i området Stafylos/Velanio og fann ei kongeleg grav frå perioden rundt Mykensk Hellas. Øya var ei kort stund under bystaten Khalkis i Euboea sidan minst 700-talet fvt..
Vidare kom øya inn under følgjande styresmakter:
- Athen.
- Kongeriket Makedonia (338 - 146 fvt.).
- Den romerske republikken (146 - 27 fvt).
- Romarriket (27 - 330 evt.).
- Austromarriket (330 - 1204).
- Republikken Venezia (1204 - 1538).
- Det osmanske riket (1538 fram til den greske sjølvstendekrigen).
Skopelos vart ein del av den første hellenske republikken etter at Londonprotokollen godkjende suvereniteten deira i 1830. Under den andre verdskrigen vart Skopelos først okkupert av Italia (juni 1941 - september 1943) og så av Nazi-Tyskland (september 1943 - oktober 1944). Skopelos og resten av Hellas returnerte til eit demokratisk styresett i 1944.
[endre] Bakgrunnsstoff
- Offisiell nettside
- Gresk ornitologisk forbund
- Den nasjonale marine naturparken i Dei nordlege Sporadane
[endre] Kjelde
- Denne artikkelen er basert på ei omsetjing av artikkelen Skopelos frå Engelsk Wikipedia .
|
||
---|---|---|
Busette øyar | Skiáthos • Skópelos • Skýros • Alónissos | |
Andre øyar | Adelfíøyane • Ajos Jeorjos Skopelou • Argos Skiathou • Dasia • Erinia • Grammeza • Joúra • Kyrá Panajá • Lekhoussa • Peristéra • Pipéri • Psathoúra • Répio • Rinia Skyrou • Sarakinó • Skandili • Skándzoura • Skyropoúla • Tsoungriá • Válaxa |