Skudeneshavn
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Skudeneshavn er ein by og tidlegare norsk kommune som ligg på sørspissen av Karmøy i Rogaland fylke.
Skudeneshavn var frå 1837 del av Skudenes formannskapsdistrikt, men vart skilt ut som eigen kommune 10. februar 1858 og fekk status som ladestad. Skudeneshavn hadde då 1 209 innbyggjarar.
1. januar 1965 vart Skudeneshavn slegen saman med Avaldsnes, Kopervik, Skudenes, Stangaland, Torvastad og Åkra til den nye Karmøy kommune.
Skudeneshavn hadde ved samanslåinga eit innbyggjartal på 1 275. I dag (2004) er dette auka til om lag 3 000.
Trehusmiljøet i Skudeneshavn sentrum er rekna å vera veldig bra teke vare på.