Shetlandsøyane
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Shetlandsøyane er ei øygruppe på 32 øyar nord for Skottland. Øyane kan verta omtala berre som «Shetland» eller «Zetland», det norrøne namnet var Hjaltland. Shetlandsøyane ligg mellom Orknøyane og Færøyane, med eit samla areal på 1466 km². Det administrative senteret er Lerwick (som er ein engelsk versjon av det gamle namnet Leirvik), som ligg på hovudsøya Shetland Mainland med ferjesamband til Orknøyane og Skottland.
[endre] Historie
På 900-talet vart Shetlandsøyane folkesett av vikingar, truleg mest frå Noreg. Dei utvikla eigne lovar. Med tida endra språket seg til norn.
Shetlandsøyane var eit norsk skattland, men kom under skotsk styre. I ein traktat av 28. mai 1469 pansette den danske kong Christian I det norske Hjaltland (Shetland) til svigersonen kong Jacob III av Skottland for 8000 rhinske gylden. Pengane var siste avdrag på Christian si medgift til si dotter Margrete ved hennar giftarmål.
Under den andre verdskrigen var det mange båtar som segla fram og attende mellom Shetland og Noreg. «Shetland bus» eller «Shetlandsbussen» er ei samlenemning på desse ferdene. Mange nordmenn ynskte å koma til Storbritannia for å gjera ein innsats i krigen. Frå Shetland vart det mellom anna frakta agentar som gjerne skulle hjelpa motstandsrørsla i Noreg.
[endre] Liste over øyar
Hovudøya er Mainland.
- Balta, Bigga, Bressay, Brother Isle, Burra
- East Linga
- Fetlar, Fish Holm, Foula
- Gloup Holm, Gruney
- Haaf Gruney, Hascosay, Hildasay, Huney
- Lady's Holm, Lamba, Linga nær Muckle Roe, Linga nær Shetland Mainland, Linga nær Yell, Little Roe, Lunna Holm
- Moul of Eswick, Mousa, Muckle Flugga, Muckle Ossa, Muckle Roe
- North Havra, Noss
- Orfasay, Out Stack, Oxna
- Papa, Papa Little, Papa Stour
- Samphrey
- Sound Gruney, South Havra, South Isle of Gletness
- Trondra
- Unst, Urie Lingey, Uyea, Uynarey
- Vaila, Vementry
- West Linga, Whalsay
- Yell
Fair Isle ligg halvvegs mellom Shetland and Orknøyane, men er oftast rekna som ein del av øygruppa. Outer Skerries ligg aust for hovudøyane.