Bressay
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Bressay | |
---|---|
Bressay fyr på Kirkabister Ness (Foto: Anne Burgess) |
|
Geografi | |
Stad | Nordsjøen |
Koordinatar | Koordinatar: |
Øygruppe | Shetlandsøyane |
Areal | 28,05 km² |
Høgaste punkt | Ward of Bressay (226 moh) |
Administrasjon | |
Land | Det sameinte kongeriket Storbritannia og Nord-Irland |
Council area of Scotland | Shetland Islands |
Demografi | |
Folketal | 384 [1][2] (2001) |
Bressay er ei øy på Shetland i Skottland. Ho ligg like austom Shetland Mainland ved Lerwick og er den femte største av dei shetlandske øyene. Sundet som skil øya frå Mainland heiter Bressay Sound. Det bur i underkant av 400 menneske på Bressay, dei fleste av desse bur i området rundt Glebe, Fullaburn og Maryfield midt på vestre kysten. Derfrå går det bilferjer til Lerwick på Mainland. Namnet Bressay skal kome av norrønt Breid ey, 'Breid øy', men det har også vorte forklart som Brus ey, 'Brusi si øy'.
I Maryfield er det eit kulturarvssenter og herregarden Gardie House frå 1724. Ved Bressay Sound ligg fyret Bressey Lighthouse frå 1858. Langs kysten er det klippeformasjonar som holer og bruer.
Sommarstid vert det drive båtrute frå austsida av øya til Noss, ei mindre folketom øy som ligg like austom Bressay.
[endre] Bressay kringkastar
På Bressay ligg hovudkringkastaren og telekomunikasjonssendaren for Shetlandsøyane. Sendarstasjonen ligg på høgste punktet på øya, Ward of Bressay (226 moh.), sør på øya. Stasjonen har to 50 meter høge radiomaster og er eigd og driven av National Grid Wireless.
[endre] Fotnotar
- ↑ Haswell-Smith, Hamish. (2004) The Scottish Islands. Edinburgh. Canongate.
- ↑ Ordnance Survey
Denne artikkelen byggjer på «Bressay» henta frå Wikipedia på engelsk 15. mai 2007.