Sandøyfjorden i Tvedestrand
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Sandøyfjorden er ein fjord i Tvedestrand kommune mellom Askerøya i nord og Sandøya i sør. Fjorden har innløp i aust og strekk seg 6 km vestover mot Snaresund der ei om lag 40 meter lang bru langs Fylkesveg 109 går over til Borøya. Mellom Borøya og Sandøya ligg Hagefjorden, som munnar ut i Sandøyfjorden. Nord for Borøya, på norsida av Sandøyfjorden, ligg Gjesøya.