Sandøya i Tvedestrand
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Sandøya | |
---|---|
Geografi | |
Stad | Sørlandet |
Koordinatar | Koordinatar: |
Areal | 3,8 km² |
Høgaste punkt | Barlindheiene (55 moh) |
Administrasjon | |
Land | Noreg |
Fylke | Aust-Agder |
Sandøya er ei øy på Skagerrakkysten i Tvedestrand kommune i Aust-Agder. Ho er ei skogkledd øy med eit areal på 3,8 km². Sandøya har butikk, barnehage, skule, gjestehus i det gamle bedehuset, båtbyggeri, keramikkverkstad og arkitektkontor.
Øya har ferjesamband frå Sandøykilen, Lyngør, Gjeving brygge og Hagefjorden. Sandøyfjorden ligg på nordsida av øya og på vestsida ligg Hagefjorden.