Sag
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
- Denne artikkelen handlar om verktyet. Eit sagbruk vert òg ofte berre kalla ei sag.
Ei sag er ein reiskap for å skjære i tre eller andre material. Ho består av eit blad med ein kant med tenner, og drivkrafta er anten manuell eller med damp, vatn, elektrisitet eller drivstoff.
Ei sag har som regel eitt handtak, men kan òg ha eitt i kvar ende.
Nokre sager kan òg spelast på, og gjennom det frambringe musikk.
[endre] Ulike sagtypar
- Baufil – for å skjære i metall
- Bogesag – med ein boge som held bladet i spenn
- Bandsag – med eit endelaust motordrive band
- Motorsag – med ein motordriven kjede, òg kjend som kjedesag
- Oppgangssag – for å skjera tømmer
- Sirkelsag – med eit sirkelforma blad
- Stikksag – vanleg handsag
- Svans – for å fella tømmer
- Vippesag – kallast òg stikksag eller nikkesag
- Lauvsag – sag med svært tynt blad, vert til dømes brukt til å sage ut figurar
- Kappsag – sag (vanlegvis sirkelsag) som vert nytta for å kappa tømmer, ved, o.l.