See also ebooksgratis.com: no banners, no cookies, totally FREE.

CLASSICISTRANIERI HOME PAGE - YOUTUBE CHANNEL
Privacy Policy Cookie Policy Terms and Conditions
Motorsag - Wikipedia

Motorsag

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Fig. 1 Motorsag av merket Stihl. Brukaren har verneutstyr.
Fig. 1 Motorsag av merket Stihl. Brukaren har verneutstyr.

Motorsag er ei sag som fyrst og fremst vert nytta i skogbruket. Ei motorsag vert nytta både til felling, kvisting og kapping. Motorsager som vert nytta i skogen har ein einsylindra bensinmotor, vanlegvis ein totaktsmotor. Det finst òg motorsager med elektrisk motor, som vert nytta til dømes innandørs, på byggplassar o.l.

Innhaldsliste

[endre] Motor

Dei fleste motorsager er utstyrte med ein einsylindra luftavkjølt totakts bensinmotor. Som dei fleste andre små totaktsmotorar vert luft-bensinblandinga trekt inn gjennom veivhuset. Smøreoljen må difor blandast i bensina før bruk. Forgassaren er av membrantypen, som fungerer like godt uansett arbeidsposisjon. Startproblem kjem ofte av rusk i bensina eller feil på tenningssystemet. Motoren vert dregen i gang med startsnor. For å redusere vibrasjon har veivakselen motvekter. På moderne motorsager er motoren i tillegg opphengt i vibrasjonsdempande gummifeste.

Elektriske motorsager er som regel utstyrte med asynkronmotor, som har aukande dreiemoment ved aukande last.

[endre] Kjede

Fig. 2 Motorsagkjede.
Fig. 2 Motorsagkjede.
Fig. 3 Motorsagkjede montert på sverdet.
Fig. 3 Motorsagkjede montert på sverdet.

Skjeringa vert utført av ei sagkjede, utstyrt med kvasse skovltenner, Fig. 2. Kjeda har knastar som går i eit spor i sverdet. Fig. 3 syner kjeda montert på sverdet. Mellom skovltennerne sit ryttararane, som bestemmer kor djupt skovltennene skal skera. Det er viktig at skovltennene er kvasse og ein bør kvessa kjeda fleire gong per økt, noko som ikkje treng ta meir enn eit minutt eller to. Kvessinga vert utført med ei rundfil. Med jamne mellomrom må òg ryttarane filast med, slik at ikkje skovltennerne går for grunt.

Kjeda vert drive med stor fart med fartsretning mot sagkroppen i underkant av sverdet. Kjeda som vert drevne av eit kjedehjul, som er forbunde med veivakselen med ei sentrifugalkopling. Tidlegare var det vanleg at sverdet hadde ei roterande trinse i framenden, men moderne sverd har ikkje trinse. Kjeda vert smurt av olje som vert tilført av ei pumpe.

[endre] Verneutstyr

Fig. 4 Hjelm med hørselsvern.
Fig. 4 Hjelm med hørselsvern.
Fig. 5 Naudstoppbøyle.
Fig. 5 Naudstoppbøyle.
Fig. 6 Kvisting med motorsag.
Fig. 6 Kvisting med motorsag.

Bruk av motorsag har ført med seg mange ulykker, spesielt i den fyrste tida då det ikkje fanst veneutstyr. I dag er det vanleg å nytta sko og klede som kjeda ikkje kan trenga igennom, som vist i Fig. 1. Kleda vert laga av eit materiale som legg seg i kjeda og hindrar den i å trengja gjennom. Det vert òg nytta hjelm med visir og hørselsvern, Fig. 4.

Når ein arbeider med motorsag hender det av og til at kjeda får tak i ein kvist og kastar sage mot brukaren, noko som kan føra til stygge skadar. For å hindra slik skade har moderne motorsager ei naudstoppbøyle, Fig. 5. Når saga vert kasta oppover skjer dette svært snøggt og brukaren mistar som oftast grepet om handtaket. Handa støyter da mot naudstoppbøyla, som bryt tenninga slik at motoren stoggar. Naudstoppøyla hindrar òg at brukaren får handa ned i kjeda.

[endre] Histori

Dei fyrste eksperimenta med å laga ei motorsag byrga alt på 1800-talet, lenge før det fanst forbrenningsmotorar. Tyskland var eit føregangsland, men Sverige og USA var òg tidleg ute. Frå 1910 og utover vart det i Sverige eksperimentert med motorsager. I 1916 var det importert ei tysk motorsag til Bergen, men ho viste seg å vera lite brukbar i praktisk arbeid [1]. Desse tidlege sagene var store og tunge og hadde lite til felles med moderne motorsager. Nokre nytta sirkelsagblad og andre eit svansliknande sagblad med att og fram-gåande rørsle. Det var vanleg med mekanisk overføring frå motoren, som stod på bakken, til skjereapparatet.

Rundt 1925 kom dei fyrste tomanssager, som hadde motor og skjæreapparat byggd saman til ei eining. Desse var framleis store og tunge og vart berre nytta til felling. Mot slutten av 30-talet freista dei svenske førtaka Billeruds AB og Munksunds AB seg med tomanssager med fram og attendegåande sagblad, men utan serleg hell [1]. Det tyske føretaket Stihl var langt framme og i Sverige vart det tala om «Tvåmans Sthilen» [2]. Mange føretak utvikla tomannssager på 30- og 40-talet, men dei fleste var store og tunge (40 - 50 kg), lite driftssikre og for kostbare i høve til nytteverdien.

Det var fyrst då det mot slutten av 40-talet dukka opp einmannssager at bruken av motorsag vart utbreidd. Dei hadde flottørforgassarar, som måtte vriast om når saga vart lagt på sida. Desse sagene vart framleis berre nytta til felling. Det norske føretaket Jobu var ein av pionerane, med Jobu Senior, som vog berre 17,5 kg.

Utover 50-talet vart det innført mange forbetringar. Ei av dei viktigaste var innføringa av membranforgassar, som fungerte like godt uavhengig av posisjon. Brukaren slapp då å vri forgassaren når saga vart snudd på sida. På grunn av at membrannforgassarar òg vart nytta i flymotorar vart dei òg kalla flyforgassarar. Rundt 1960 var vekta kome ned på omlag 10 kg og ein tok til å nytta motorsag til kvisting. Jobu Tiger var ei av dei fyrste sagene som var brukbar for kvisting, men med ei vekt på 10,4 kg var ho framleis i tyngste laget. Utover 60-talet kom det lettare sager og det vart vanleg å nytta motorsag til kvisting.

[endre] Referansar

  1. 1,0 1,1 Motorsågen - mekanisering för att underlätta avverkningen (Lenka 17/8-2007)
  2. Konttinen, H. og Drushka, K., Skogsmaskinernas historia, Timberjack Group, 1998.

[endre] Bakgrunnsstoff


Skogsmaskinar

Motorsag | Rydningssag | Fellar | Kvistar | Fellar-kvistar | Lunnetraktor | Lassbærar | Vinsj | Kabelkran | Plantemaskin


aa - ab - af - ak - als - am - an - ang - ar - arc - as - ast - av - ay - az - ba - bar - bat_smg - bcl - be - be_x_old - bg - bh - bi - bm - bn - bo - bpy - br - bs - bug - bxr - ca - cbk_zam - cdo - ce - ceb - ch - cho - chr - chy - co - cr - crh - cs - csb - cu - cv - cy - da - de - diq - dsb - dv - dz - ee - el - eml - en - eo - es - et - eu - ext - fa - ff - fi - fiu_vro - fj - fo - fr - frp - fur - fy - ga - gan - gd - gl - glk - gn - got - gu - gv - ha - hak - haw - he - hi - hif - ho - hr - hsb - ht - hu - hy - hz - ia - id - ie - ig - ii - ik - ilo - io - is - it - iu - ja - jbo - jv - ka - kaa - kab - kg - ki - kj - kk - kl - km - kn - ko - kr - ks - ksh - ku - kv - kw - ky - la - lad - lb - lbe - lg - li - lij - lmo - ln - lo - lt - lv - map_bms - mdf - mg - mh - mi - mk - ml - mn - mo - mr - mt - mus - my - myv - mzn - na - nah - nap - nds - nds_nl - ne - new - ng - nl - nn - no - nov - nrm - nv - ny - oc - om - or - os - pa - pag - pam - pap - pdc - pi - pih - pl - pms - ps - pt - qu - quality - rm - rmy - rn - ro - roa_rup - roa_tara - ru - rw - sa - sah - sc - scn - sco - sd - se - sg - sh - si - simple - sk - sl - sm - sn - so - sr - srn - ss - st - stq - su - sv - sw - szl - ta - te - tet - tg - th - ti - tk - tl - tlh - tn - to - tpi - tr - ts - tt - tum - tw - ty - udm - ug - uk - ur - uz - ve - vec - vi - vls - vo - wa - war - wo - wuu - xal - xh - yi - yo - za - zea - zh - zh_classical - zh_min_nan - zh_yue - zu -