Sûre
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Sûre | ||
|
||
Utspring | Ardennane | |
- Høgd | 510 m | |
Munning | Moselle | |
Land i nedslagsfelt | Luxembourg, Belgia, Tyskland | |
Lengd | 173 km | |
Nedslagsfelt | 4 240 km² |
Sûre (tysk Sauer) er ei elv i Belgia, Luxembourg og Tyskland, og ei av sideelvane til Moselle frå venstre, med ei total lengd på 173 km.
Ho har sitt utspring nær Vaux-sur-Sûre i Ardennane i søraustlege delar av Belgia, og renn austover og inn i Luxembourg nær Martelange. Vest for Esch-sur-Sûre renn ho ut i ein kunstig innsjø, Øvre Sûresjøen, som er opphavet til det franske namnet og den luxembourgske kommunen Lac de la Haute-Sûre. Etter ho har passert gjennom Ettelbruck og Diekirch dannar ho grensa mellom Luxembourg og Tyskland dei siste 50 km før ho etter Echternach munnar ut i Moselle ved Wasserbillig. Elvane Wiltz, Alzette, Kvite Ernz, Svarte Ernz, Our og Prüm er sideelvar.
[endre] Lenkjer ut
[endre] Kjelde
- Denne artikkelen er basert på ei omsetjing av artikkelen Sauer frå Engelsk Wikipedia .