Echternach
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
|
|||
Plassering | |||
---|---|---|---|
Styresmakter | |||
Land Distrikt Kantonar |
Luxembourg Grevenmacher Echternach |
||
Borgarmeister | Marc Diederich | ||
Geografi | |||
Flatevidd - By |
20,49 km² |
||
Innbyggjarar - By (2005) - folketettleik |
4 507 220/km² |
||
Koordinatar | Koordinatar: | ||
Høgd over havet | 114 - 393 m | ||
Diverse annan informasjon | |||
Heimeside: www.echternach.lu |
Echternach (luxembourgsk Iechternach) er ein by aust i Luxembourg. Han ligg i Echternach i Grevenmacher nær grensa til Tyskland og er den eldste byen i landet.
Byen vaks opp rundt murane til Echeternach kloster, som vart grunnlagd i 698 av Willibrord, ein engelsk munk frå Ripon, som vart den første biskopen i Utrecht og som arbeida for å kristne frisarane. Som biskop styrte han klosteret fram til han døydde i 739.
Elva Sûre som renn forbi byen dannar no grensa mellom Luxembourg og Tyskland, men under Romarriket og merovingarane var det ikkje eit grenseland i det heile tatt. Det er funne spor etter ein romersk villa i byen.
Den vakre byen er framleis omgjeve av mellomaldermurar med tårn, som vart kraftig øydelagd under den andre verdskrigen og bygd opp att.
[endre] Kjelder
- Denne artikkelen bygger på «Echternach» frå Engelsk Wikipedia, den 30. januar 2008.