Sérres
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Serres sett frå akropolisen | ||
Plassering | ||
---|---|---|
|
||
Styresmakter | ||
Land Periferi Prefektur |
Hellas Sentral-Makedonia Serres prefektur |
|
Geografi | ||
Flatevidd - By |
252,973 km² |
|
Innbyggjarar - By (2001) - folketettleik |
56 145 222/km² |
|
Høgd over havet | 50 m | |
Diverse annan informasjon | ||
Postnummer | 621 xx | |
Telefon-retningsnummer | 23210 | |
Bilnummer | EP | |
Heimeside: www.serres.gr |
Serres eller Serrhae (gresk: Σέρρες; eldre form Σέρραι, Serrai; tyrkisk Serez eller Siroz, slavisk: Серез/Serez, Сяр/Syar eller Сер/Ser) er ein by i Sentral-Makedonia i Hellas. Han ligg på ei frodig slette om lag 25 km nordaust for Strymon og 60 km nordaust for Thessaloniki. Rhodopifjella stig opp nord og aust for byen. Byen er hovudsete i prefekturet med same namn. I 2001 hadde byen om lag 55 000 innbyggjarar.
Innhaldsliste |
[endre] Historie
Av romarane vart byen kalla Serrae eller Serrhae og det vart bygd ein stor festning her under Austromarriket for å vokte den nordlege grensa til riket og det strategiske Rupelpasset inn i Bulgaria. Bulgararne tok byen på 900-talet, før han kom inn under Serbia i 1345 og vart hovudstad for keisaren Stefan Dušan. Dušan var så nøgd med den harde omleiringa av den tredje austromerske byen at han krona seg sjølv «Keisar av serbarane og grekarane». Etter han døydde falt riket hans ut i føydalt anarki og keiserinna Hellen haldt fram å styre Serres-området frå 1356, men vart alt i 1365 jaga bort av despoten Jovan Uglješa Mrnjavčević, som danna ein liten, men mektig miniputtstat i Serres. Etter 1371 og slaget ved Maritsa fekk austromarane tilbake kontrollen over Serres og tvang serbarane bort. Alt i 1383 erobra derimot osmanarane byen. Tidleg på 1900-talet oppstod det ein anti-osmansk uro i byen, som førte til Ilinden-Preobrazjenije-opprøret i 1903. Den bulgarske hæren erobra Serres under den andre balkankrigen i 1913, men vart tvunge bort igjen av greske styrkar. Byen vart totalt ombygd etter at bulgarane brende ned heile byen. Han vart okkupert av bulgararane igjen under både den første og den andre verdskrigen, og fekk fleire skadar. Etter krigen har dei greske styresmaktene utført planar som har utvikla økonomien til byen.
[endre] Økonomi
Serres er senter i eit jordbruksdistrikt og er eit viktig handelssenter for tobakk, korn og buskap. Etter subsidiar frå staten vart området og eit senter for produksjon av tekstilar og andre industriprodukt.
[endre] Bakgrunnsstoff
[endre] Kjelde
- Denne artikkelen er basert på ei omsetjing av artikkelen Serres frå Engelsk Wikipedia der følgjande kjelder mellom anna vart nytta:
- Sérrai Encyclopædia Britannica, 2006.
- Sérrai, Siris eller Serres The Columbia Encyclopedia, 2004.