Rogaland Kunstmuseum
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Rogaland Kunstmuseum er eit museum for biletkunst som ligg i Stavanger. Stiftinga Stavanger faste galleri skifta i 1990 namn til Rogaland Kunstmuseum. Museet opna i 1992 i nybygd lokale i Mosvannsparken. Museet har ei stor samlinga av Lars Hertervig-arbeid, i tillegg til arbeid av andre kunstnarar frå Rogaland og Noreg elles. Den permanente skulpturutstillinga Broken Column av Antony Gormley, som er spreidd ute i byen, høyrer også til Rogaland Kunstmuseum.
Kjerna i samlingane kjem frå Stavanger faste galleri, som fekk starten sin i 1865 då Stavanger Kunstforening vart stifta. Attåt å vise utstillingar av bilete som skulle loddast ut var det formålet til Kunstforeninga å byggje opp ei fast samling, og det skjedde ved at nokre kunstverk vart haldne att frå kvar utlodding.
I tillegg til samlinga frå Kunstforeninga og skulpturprosjektet Broken Column av Antony Gormley, rommer museet Samling Halvdan Hafsten og Jan Groths samling og arkiv.
[endre] Nettstad
Nettstaden til Rogaland Kunstmuseum.