Antony Gormley
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Antony Gormley (f. 30. august 1950) i London) er ein engelsk kunstnar.
Gormley studerte ved Ampleforth College og Trinity College i Cambridge fram til 1971, då han drog til India og Sri Lanka for å studera buddhismen. Tilbake i England i 1974 fullførte han studia sine ved ulike institusjonar i London.
Kunstnaren tek som oftast utgangspunkt i menneskekroppen, gjerne sin eigen, som han omformar til skulpturar ved hjelp av metallformer. Verka hans er i regelen reinska for individuelle kjenneteikn, og formene er ofte reproduserte fleire gonger.
I 1994 vann Gormley den prestisjefylte britiske Turnerprisen for Field for the British Isles.
[endre] Kjende kunstverk
I Noreg er Gormley mest kjend for å ha sett opp ei rekke rustne avstøypingar av seg sjølve på Solastranda ved Stavanger lufthamn, Sola, kunstverket gav han tittelen Another Place, 'Ein annan stad'. Installasjonen har og vore sett opp i Tyskland, Belgia og England.
Kunstverket Broken Column - avbroten søyle er sett opp på utvalde stadar i Stavanger sentrum. 23 like, sandblåste jernavstøpingar av kroppen til Gormley er sett opp frå hamna og opp til Rogaland Kunstmuseum ved Mosvatnet. Ved Akershus festning i Oslo er det sett opp eit kunstverk av Gormley til minne om dei norske jødane som vart sendt til konsentrasjonsleirar i Tyskland under den andre verdskrigen.
I Storbritannia er han mest kjend som kunstnaren bak skulpturen Angel of the North (engelen frå nord). Skulpturen er plassert utandørs i landskapet ved Gateshead nord i England. Stålskulpturen Quantum Cloud i London, med ei høgd på 30 meter, har og fått merksemd.
[endre] Bakgrunnsstoff
- Offisiell heimeside
- Intervju med Gormley, av Edward Lucie Smith i RealMedia format
- Intervju med Gormley av F. David Peat
- Gateshead Council si side om Angel of the North
- Gormley side ved Tate Gallery