Reykjanes
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Reykjanes (blir uttala rett fram bortsett frå at 'k' og 'j' er separate lydar) er den ytterste delen av Reykjaneshalvøya (isl. Reykjanesskagi). Neset er vulkansk, det er låge fjell og åsar av tuff (moberg), jordvarme, klippestrender og lava som har rent i sjøen. På Reykjanes er Skálafell som er høgast og Valahnúkur som er lengst ut dei mest kjente. Kvart år bryter sjøen av mye av Valahnúkur, spesielt mye når det er storm. Noen stader grev sjøen ut mjukt materiale i vasslina medan det hardare berget over held. Da blir det innholt og når det er kraftige bølgjer blir det skapa mye lyd og kraftige skumfontener som er sjåverdig.
Søraust for Valahnúkur er det eit gjel som heiter Valborgargjá. Her er det ei fordjuping med vatn som tidlegare var lunkent. Det var eit skur her tidleg på 1900-talet og ein hadde symjeundervising her. Dette var før dei mange offentlege bada kom til på resten av Island og stadig lever det gamle folk som hugsar at dei lærte å symje her. Ein reknar med at namnet på juvet opprinneleg var Valabjargagjá (samanheng med fjellet Valahnúkur som au heiter Valabjörg), som har forandra seg til Valbjargargjá og videre til Valborgargjá.
Det første fyret på Island blei reist på Reykjanes i 1878 og blei kalla Reykjanesviti (isl. 'viti' er det same som det gammalnorske 'vete' og tyder 'varde'). Det stod på Valahnúkur til jordskjelvet i 1896 øydela grunnen til fyret. Eit nytt blei bygd på Bæjarfell 400 m frå Valahnúkur, men på grunn at Skálafell delvis skyggar dette ble det bygd eit tilleggsfyr på Skemmi.