Raud Ungdom
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Raud Ungdom er ungdomsfylkinga til Raudt, og var tidlegare knytta til Raud Valallianse (RV) og Arbeidaranes Kommunistparti (Akp). Raud Ungdom har tradisjonelt vore meir sjølvstendige og lausrivne enn det som er vanleg for andre politiske parti sine ungdomsorganisasjonar. Mari Eifring vart vald til leiar på landsmøtet i 2008, og tok over etter Mimir Kristjansson.
Raud Ungdom er ein revolusjonær, feministisk organisasjon som organiserer ungdom til kamp for sosialisme, med mål om eit klasselaust samfunn; kommunisme.
Innhaldsliste |
[endre] Organisasjon
Raud Ungdom si organisasjonsform er demokratisk sentralisme. RU har tradisjonelt, tilliks med Akp, hatt eit omfattande system av tryggingstiltak for å hindra overvåking frå staten og infiltrasjon frå høgreekstreme. Tryggingsinstruksen vart mjuka opp gjennom 1990- og 2000-talet, og fjerna heilt på landsmøtet i 2006. Dette landsmøtet var soleis det siste som var lukka for ålmenta.
Den daglege leiinga, sentralstyret, sit i Oslo.
[endre] Sentralstyret 2006-2008
- Mari Eifring (leder)
- Åsmund Sunde Valseth (nestleder)
- Fredrik V. Sand (økonomiansvarlig)
- Eivind Werring
- Mari Røsjø
- Ingrid Amundsen
- Ingeborg Haug Steinholt
- Kaja Tangen
- Even Ulsnæs
- Iver Aastebøl
- Linda Strandmyr
[endre] Aktivitet
Raud Ungdom er ein meir aktivistisk organisasjon enn dei fleste andre politiske ungdomsorganisasjonar. RU meiner at sosialismen berre kan oppnåast gjennom at folkefleirtalet gjer opprør mot statsmakta og kapitalistane, og at aktivisme difor er viktigare enn parlamentarisk arbeid. Organisasjonen er basert på lokallag og har aktivitetsplikt, det vil seia at alle medlemer har plikt til å delta på lokallagsmøte og andre aktivitetar.
Raud Ungdom sine bøllekurs har vore ein av organisasjonen sine viktigaste aktivitetar og største rekrutteringskanal. Bøllekursa er sjølvtillitskurs for unge jenter, der dei lærer seg å ta ein større plass i det mannsdominerte samfunnet. Kursa er svært anerkjende og vert tidvis brukte på skular.
Studiearbeidet har vore ein viktig grunnstein i Raud Ungdom. Alle medlemer les grunnleggjande marxistisk filosofi.
Raud Ungdom sine viktigaste politiske saker:
- Sosialisme
- Feminisme
- Antirasisme
- Miljøvern
- Internasjonal solidaritet
- Kampen for gratis skulebøker
[endre] Historie
Raud Ungdom vart stifta i 1963 som ungdomsorganisasjonen til Sosialistisk Folkeparti (SF), under namnet Sosialistisk Ungdomsfylking (SUF). I 1969 braut organisasjonen med SF, og endra namnet til SUF (m-l). I 1973 fekk organisasjonen namnet Raud Ungdom, etter at SUF(m-l) og seinare MLG skipa AKP(m-l).
I 2001 la Raud Ungdom 13 skulebøker ut på nett i ein politisk aksjon for gratis lærebøker. Forleggerforeningen meldte organisasjonen for brot på opphavsretten, og saka hamna til slutt i Høgsterett i 2004. RU vart dømt til å betala 125 000 kroner i erstatning, men Forleggerforeningen lot RU sleppa å betala heile summen.
Fram mot samanslåinga mellom RV og AKP i 2007, var Raud Ungdom svært aktive i den interne prosessen i særleg RV. På landsmøtet i 2006 var det oppe to ulike forslag om å bryta med Akp, og berre vera RV sin ungdomsorganisasjon. Det eine forslaget gjekk ut på å utsetja brotet med Akp til årsskiftet 2006/07. Dette forslaget fekk fleirtal, men fleirtalet vart ikkje stort nok til å få gjennom vedtektsendringa. Etter dette inntok RU ei meir pragmatisk rolla i samanslåingsprosessen, og bidrog til stiftinga i Raudt på lik lina med morpartia.
[endre] Leiarar i Raud Ungdom, SUF og SUF(ml)
- Ole Kopreitan - 1963 - 1965
- Theo Koritzinsky - 1965 - 1966
- Peder Martin Lysestøl - 1966 - 1967
- Sigurd Allern - 1967 - 1968
- Sigmund Grønmo - 1968 - 1969
- Pål Steigan - 1969 - 1971
- Sverre Knutsen - 1971 - 1973
- Helge Øgrim - 1973 - 1976
- Erling Maartmann Moe - offisiell talsperson 1976 - 1979
- Grete Knudsen - offisiell talsperson 1976 - 1979
- Bjørgulv Braanen - 1979 - 1983
- Per Overrein - 1983 - 1985
- Ann Helen Skaug - 1985 - 1987
- Claus Jervell 1988 - 1990
- Jo Ryste - 1991 - 1994
- Jorunn Folkvord - 1994 - 1996
- Marte Michelet - 1996 - 1998
- Wenche With - 1998 - 1999
- Espen Løkeland-Stai - 1999 - 2000
- Eivind Volder Rutle - 2000 - 2002
- Marijke Berdahl - 2002 - 2004
- Bjørnar Moxnes - 2004 - 2006
- Mimir Kristjansson - 2006 - 2008
- Mari Eifring - 2008 -
[endre] Lenkjer
Politiske ungdomsparti i Noreg | ||||||
Sosialistisk Ungdom | Arbeidaranes Ungdomsfylking | Senterungdommen | Unge Venstre | Kristeleg Folkepartis Ungdom | Unge Høgre | Framstegspartiet sin ungdom |
Raud Ungdom | Norges Kommunistiske Ungdomsforbund | Liberalistisk Ungdom | Norsk Ungdom |