Odet
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Odet | ||
|
||
Utspring | Bretagne | |
Munning | Biscayabukta | |
Land i nedslagsfelt | Frankrike | |
Lengd | 56 km | |
Nedslagsfelt | 715 km² |
Odet er ei elv vest i Frankrike i departementet Finistère. Ho renn frå Saint-Goazec (nær Leuhan i Montagnes Noires i Bretagne) og ut i Biscayabukta og Atlanterhavet ved Bénodet. Bénodet har fått namn frå elva, Ben tyder elvemunning på bretonsk.
Elva er populær for kajakkpadlarar. Ho renn nær eller forbi byane Bénodet, Combrit, Plomelin, Quimper, Ergué-Gabéric, Briec-de-l'Odet, Langolen, Coray, Trégourez, Leuhan og Saint-Goazec
Odet er òg eit sjeldant mannleg namn på fransk (den mannlege forma av Odette).