Novosibirsk
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Luftfoto av Novosibirsk | |||||
|
|||||
Plassering | |||||
---|---|---|---|---|---|
Plassering av Novosibirsk i Russland | |||||
Styresmakter | |||||
Land Region |
Russland Novosibirsk oblast |
||||
Grunnlagd | 1893 | ||||
Ordførar | Vladimir Gorodetskij | ||||
Geografi | |||||
Flatevidd - By |
503,1 km² |
||||
Innbyggjarar - By (2006) - folketettleik - Storbyområde |
1 391 900 2767/km² 1 660 000 |
||||
Koordinatar | Koordinatar: | ||||
Høgd over havet | 150 m | ||||
Tidssone - Ved sommartid |
+ 0600 (UTC) + 0700 (UTC) |
||||
Diverse annan informasjon | |||||
Postnummer | 630xxx | ||||
Telefon-retningsnummer | +7 383 | ||||
Bilnummer | 54 | ||||
Heimeside: http://www.novo-sibirsk.ru/ |
Novosibirsk (russisk Новосибирск) er den tredje største byen i Russland, og hovudstad i Novosibirsk oblast. Folketalet er 1 391 9002007. Før 1925 heitte byen Novonikolajevsk (Новониколаевск). Byen er den største i den asiatiske delen av Russland, og ligg 3300 kilometer frå hovudstaden Moskva. Han er eit viktig senter for industri, kommunikasjon, vitskap og kultur.
Novosibirsk ligg ved elva Ob. Middeltemperaturen i januar er - 18,8 grader celsius, i juli + 19 grader celsius. Kulderekorden, frå 7. januar 1915, er på - 51,1 grader celsius.
Tettstaden som utvikla seg til byen oppsto i 1893 ved staden der ei jernbanebru for den transsibirske jernbanen vart bygd over elva Ob. I 1895 fekk tettstaden namnet Novo-Nikolajevsk, og i 1903 fekk han bystatus. I 1925 vart namnet endra til Novosibirsk. Same året vart han sentrum for provinsen Sibir kraj. I 1930 vart denne delt i Aust- og Vest-Sibir, og Novosibirsk vart hovudstad i Vest-Sibir, fram til provinsen Novosibirsk oblast vart oppretta i 1944. Under den andre verdskrigen vart mykje industri evakuert til Novosibirsk frå dei vestlege delane av Sovjetunionen. 70 år etter grunnleggjinga vart byen ein millionby, dette skal vera verdsrekord.