Noregs Ungdomslag
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Noregs Ungdomslag er ein norsk organisasjon som vart skipa i 1896 for å fremje folkeleg opplysning mellom ungdomen. Organisasjonen gjev ut bladet Ungdom. Føremålet til Noregs Ungdomslag er å gjennom folkelege kulturaktivitetar skape engasjement og levande lokalmiljø.
Noregs Ungdomslag vart skipa på eit møte i Trondheim 11. juli 1896. Det møtte representantar frå sju fylkeslag: Eidsiva, Romsdal, Inntrøndelag, Telefylket, Aust-Agder, Sunnmøre og Breidablikk. Det fyrste namnet vart Det norske ungdomslaget, så heitte det ein periode Norges Ungdomslag før det frå 1897-1922 vart heitande Norigs Ungdomslag. Peter Slotsvik vart fyrste leiar. Leiar frå 2005 er Gunhild Berge Stang.
Organisasjonen har om lag 16 000 medlemer i 27 fylkeslag og 450 lokallag. Lokallag i byane heiter oftast bondeungdomslag, på bygdene ungdomslag. Andre vanlege lagsnamn er leikarring, teaterlag eller folkedanslag. I Oslo har mange lag namn etter ulike regionar, som Numedalslaget, Håløyglaget, Hallinglaget m.fl. Fylkeslaga går under namn som ungdomslag, ungdomsfylking, ungdomssamlag, samskipnad eller berre fylkeslag.
Aktiviteten i lokallaga er særs variert, men folkedans og amatørteater er dei viktigaste. I organisasjonen finst det over 300 ungdomshus, og nokre få hotell og kaffistover.
Organisasjonen skipar til Folkekulturfestivalen og Norsk Amatørteaterfestival annakvart år.
[endre] På verdsveven
- Noregs Ungdomslag sin nettstad
- Folkekulturfestivalen sin nettstad
- Norsk Amatørteaterfestival sin nettstad
[endre] Litteratur
- Kløvstad, Jan (m.fl.): Ungdomslaget. Noregs Ungdomslag 1896-1996, Oslo : Samlaget, 1995.