Narots
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Narots | |
---|---|
Stad | Minsk oblast |
Koordinatar | 54°51′09″N, 26°44′59″E |
Tilsig | Wilia |
Utsig | Narots |
Tilknytta land | Kviterussland |
Overflateareal | 79,2 km² |
Største djup | 25 m |
Narots (kviterussisk Нарач, russisk Нарочь) er ein innsjø i nordvestlege delar av Kviterussland (Miadzieł rajon, Minsk voblast). Han har eit areal på 79,2 km² og er 25 meter på det djupaste. Innsjøen er den største i Kviterussland, og frå 1919 til 1939 var han den største innsjøen i Polen. Elva Wilia er hovudkjelda til Narots, medan elva Narots renn vidare ut frå innsjøen.
Narots er ein del av ei gruppe innsjøar kalla Narots-gruppa. Dei andre innsjøane i gruppa er Mjastra (Мястра på kviterussisk), Batoryn (Баторын på kviterussisk) og Blednaje (Бледнае på kviterussisk). Innsjøen er omringa av furuskog, og er eit populært turist- og friluftsområde.
[endre] Kjelde
- Denne artikkelen er basert på ei omsetjing av artikkelen Lake Narač frå Engelsk Wikipedia .