See also ebooksgratis.com: no banners, no cookies, totally FREE.

CLASSICISTRANIERI HOME PAGE - YOUTUBE CHANNEL
Privacy Policy Cookie Policy Terms and Conditions
Manannan mac Lir - Wikipedia

Manannan mac Lir

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Manannan mac Lir er namnet på ein av dei mest kjende keltiske gudane. Han er nemnd mange gonger i Den Miletiske segnkrinsen. Mange av dei klassiske eignelutene til havguden er knytt til Manannan. Det er ofte påstått at namnet på øya Man kjem frå han, det er ikkje tilfelle, men det kan vera omvendt. Kvar farsnamnet Lir kjem frå er uvisst, sikkert er at det ikkje er frå Lir frå Sídh Finnachad.[1]

Manannan rår for havet som ligg mellom menneskeverda og Ungdomslandet Tír na nÓg. Han er óg rekna som vegvisar til dette landet.[manglar kjelde] Manannan kunne synkverve og øve ulike slag seid, og åtte ein båt som gjekk utan segl eller årer, berre styrt av tanken til den som førde han.

Manannan åtte óg ein hest, Aonbarr, som reid like godt på hav som på land, og eit sverd som hogg gjennom alle brynjer. Dei kvote bølgjetoppane vart kalla Manannans hestar. Han bar ei stor kappe som kunne skifte til kva let det skulle vera (truleg havet sjølv), og var den som varde øya Irland mot alle fiendar.

Ein gong laut han skilje kona si frå Cú Chulainn etter at ho hadde lagt elsken sin til han. Manannan riste kappa si mellom dei for at dei aldri skulle møtast att.

Den walisiske figuren Manawydan fab Llyr i Mabinogion har same namnet, men er ingen gud.

[endre] Kjelder

  1. MacKillop, James. 2005. Myths and legends of the Celts. London: Penguin. Side 137.


aa - ab - af - ak - als - am - an - ang - ar - arc - as - ast - av - ay - az - ba - bar - bat_smg - bcl - be - be_x_old - bg - bh - bi - bm - bn - bo - bpy - br - bs - bug - bxr - ca - cbk_zam - cdo - ce - ceb - ch - cho - chr - chy - co - cr - crh - cs - csb - cu - cv - cy - da - de - diq - dsb - dv - dz - ee - el - eml - en - eo - es - et - eu - ext - fa - ff - fi - fiu_vro - fj - fo - fr - frp - fur - fy - ga - gan - gd - gl - glk - gn - got - gu - gv - ha - hak - haw - he - hi - hif - ho - hr - hsb - ht - hu - hy - hz - ia - id - ie - ig - ii - ik - ilo - io - is - it - iu - ja - jbo - jv - ka - kaa - kab - kg - ki - kj - kk - kl - km - kn - ko - kr - ks - ksh - ku - kv - kw - ky - la - lad - lb - lbe - lg - li - lij - lmo - ln - lo - lt - lv - map_bms - mdf - mg - mh - mi - mk - ml - mn - mo - mr - mt - mus - my - myv - mzn - na - nah - nap - nds - nds_nl - ne - new - ng - nl - nn - no - nov - nrm - nv - ny - oc - om - or - os - pa - pag - pam - pap - pdc - pi - pih - pl - pms - ps - pt - qu - quality - rm - rmy - rn - ro - roa_rup - roa_tara - ru - rw - sa - sah - sc - scn - sco - sd - se - sg - sh - si - simple - sk - sl - sm - sn - so - sr - srn - ss - st - stq - su - sv - sw - szl - ta - te - tet - tg - th - ti - tk - tl - tlh - tn - to - tpi - tr - ts - tt - tum - tw - ty - udm - ug - uk - ur - uz - ve - vec - vi - vls - vo - wa - war - wo - wuu - xal - xh - yi - yo - za - zea - zh - zh_classical - zh_min_nan - zh_yue - zu -