Lev Vygotskij
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Lev Semjonovitsj Vygotskij (12. november (jul. 5. november) 1896–11. juni 1934) var ein jødisk-kviterussisk pedagog og filosof. Verka hans vart kjende i Vesten på 1960-talet.
Vygotskij var fødd i Vorsja i Kviterussland og døydde i Moskva i Russland av tuberkulose.
Lev Vygotskij var ein pedagogisk teoretikar som lanserte ideen om at barn si utvikling i større grad skjer i samspel med omgjevnadene enn som ein utelukkande individuell prosess. Spesielt interesserte han seg for skilnaden mellom kva barn kan lære seg på eiga hand og kva dei treng hjelp frå vaksne til. Avhengig av kva assistanse dei får kan barn anten vera på sitt faktiske utviklingsnivå dersom dei lærer på eiga hand, eller på sitt potensielle nivå dersom dei blir stimulerte av foreldre eller lærarar.
Vygotskijs innfallsvinkel kallast sosiokulturalisme fordi han ser samfunn og kultur som avgjerande faktorar for individet si utvikling og prestasjonsevne. Med utvikling meiner han evne til tenking, språk samt mental og personleg utvikling. Ifølgje Vygotskij skjer utviklinga gjennom relasjonar, spesielt til foreldra, og auker den kulturelle forståinga (omgrepsapparatet). Den kulturelle forståinga og den kognitive utviklinga kallar Vygotskij for internalisering. For at eit barn skal bli internalisert må det bli undervist og ha eit godt tilhøve til dei som er eldre (foreldre, lærarar, idolar, mv.). Ifølgje Vygotskij påverkast altså intelligensen av dei sosiale faktorane.
Vygotskij var lenge upåakta og Jean Piaget var den førande teoretikaren på emnet barn si utvikling. På 1980-talet vart han imidlertid oppdaga påny i samband med glasnost og har i dag stor påverknad på forskninga om barn si modning og språklege utvikling.