See also ebooksgratis.com: no banners, no cookies, totally FREE.

CLASSICISTRANIERI HOME PAGE - YOUTUBE CHANNEL
Privacy Policy Cookie Policy Terms and Conditions
Lege - Wikipedia

Lege

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Barnelegen Virginia Apgar undersøker ein nyfødd unge.
Barnelegen Virginia Apgar undersøker ein nyfødd unge.

Ein lege er ein norsk yrkestittel for autoriserte medisinarar. Legar jobber med å førebygga, diagnostisera eller lega sjukdom, anten som allmennlege eller innan ei viss spesialisering.

Innhaldsliste

[endre] Utdanning

I Noreg tilbyr ein medisinutdanning ved Universitetet i Oslo, Universitetet i Bergen, Norges teknisk-naturvitenskapelige universitet og Universitetet i Tromsø. Den normerte studietida er på 6 eller 6,5 år, og fører fram til den akademiske tittelen Candidata/candidatus medicinae (cand. med.).

[endre] Turnusteneste

Etter bestått embedseksamen må ein nyutdanna medisinar ha turnusteneste i eitt år på eit sjukehus og eit halvt år i allmennpraksis. Det er eit avgrensa tal turnusplassar som blir fordelte gjennom loddtrekking, noko som kan føra til ventetid for nokre kandidatar.

Det er vanleg med sjukehusturnusteneste i mange land, men turnusteneste i distrikt/allmennpraksis er ei særnorsk ordning som blei innført på 60-talet for å betra legedekninga i Distrikts-Noreg.

[endre] Autorisasjon/legelisens

I Noreg er det Statens autorisasjonskontor for helsepersonell som gjev autorisasjon for legar etter at dei har avlagt medisinsk embedseksamen og gjort godkjent turnusteneste. Medisinsk utdanning frå EØS-området er automatisk godkjent i Noreg, medan medisinarar utdanna i andre land må gå gjennom ein test av dei medisinske kunnskapene sine og i nokre tilfelle ta tilleggskurs før utdanninga deira kan godkjennast. Det er Utvalget for lisenssaker og utenlandsmedisinere som har ansvaret for tildeling av lisens til utanlandsutdanna legar.

Ein midlertidig lisens kan bli gjeven dersom krava til autorisasjon ikkje er oppfylde. Lisensen set konkrete avgrensningar til yrkesutøvinga. Den midlertidige lisensen til ein turnuslege vil for eksempel kreva at legen arbeider under vegleiing.

Denne artikkelen er ikkje (ferdig) omsett frå bokmål enno.

Hjelp oss gjerne med å gjera omsetjinga ferdig!

Spire Denne artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.


[endre] Bakgrunnsstoff

Commons har multimedia som gjeld: Lege


aa - ab - af - ak - als - am - an - ang - ar - arc - as - ast - av - ay - az - ba - bar - bat_smg - bcl - be - be_x_old - bg - bh - bi - bm - bn - bo - bpy - br - bs - bug - bxr - ca - cbk_zam - cdo - ce - ceb - ch - cho - chr - chy - co - cr - crh - cs - csb - cu - cv - cy - da - de - diq - dsb - dv - dz - ee - el - eml - en - eo - es - et - eu - ext - fa - ff - fi - fiu_vro - fj - fo - fr - frp - fur - fy - ga - gan - gd - gl - glk - gn - got - gu - gv - ha - hak - haw - he - hi - hif - ho - hr - hsb - ht - hu - hy - hz - ia - id - ie - ig - ii - ik - ilo - io - is - it - iu - ja - jbo - jv - ka - kaa - kab - kg - ki - kj - kk - kl - km - kn - ko - kr - ks - ksh - ku - kv - kw - ky - la - lad - lb - lbe - lg - li - lij - lmo - ln - lo - lt - lv - map_bms - mdf - mg - mh - mi - mk - ml - mn - mo - mr - mt - mus - my - myv - mzn - na - nah - nap - nds - nds_nl - ne - new - ng - nl - nn - no - nov - nrm - nv - ny - oc - om - or - os - pa - pag - pam - pap - pdc - pi - pih - pl - pms - ps - pt - qu - quality - rm - rmy - rn - ro - roa_rup - roa_tara - ru - rw - sa - sah - sc - scn - sco - sd - se - sg - sh - si - simple - sk - sl - sm - sn - so - sr - srn - ss - st - stq - su - sv - sw - szl - ta - te - tet - tg - th - ti - tk - tl - tlh - tn - to - tpi - tr - ts - tt - tum - tw - ty - udm - ug - uk - ur - uz - ve - vec - vi - vls - vo - wa - war - wo - wuu - xal - xh - yi - yo - za - zea - zh - zh_classical - zh_min_nan - zh_yue - zu -