Lambda
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Lambda (Λ, λ) er den ellevte bokstaven i det greske alfabetet. Bokstaven svarar til L i det latinske alfabetet.
Somme omgrep:
- Som geodetiske koordinatar står bokstaven λ for lengdegrad.
- I fysikk vert λ mellom anna brukt for bylgjelengd.
- I matematikk vert λ mellom anna brukt for Langrange-multiplikatoren ved optimering under sidevilkår, som i økonomi ofte vert tolka som ein skyggepris.
- I økologien brukar mange λ som eit symbol for netto reproduksjonsrate, eller bestandsvekstrate per tidseining. Symbolet er i mykje litteratur synonymt med stor R.