Kveåfossen
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kveåfossen | ||
Stad | Luster, Sogn og Fjordane | |
Type | Hestehale | |
Totalt fall | 590 m | |
Tal på fall | 1 | |
Elv | Kveåa | |
Verdsrangering | 59. høgaste i verda. |
Kveåfossen er den 17. høgaste fossen i Noreg ut frå totalt fall. Han ligg i Fortunsdalen i Luster kommune i Sogn og Fjordane. Fossen stupar ned mot Eidsvatnet i botn av Lustrafjorden. Fossen har relativt lite volum, men kan vekse seg stor under snøsmeltinga på våren.
Fossen vert stundom kalla Lingafossen.