Fossar i Noreg
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Noreg er eit land med mange fossefall, og dei høgaste fossane i landet er av dei høgaste fossane i både Europa og heile verda.
Innhaldsliste |
[endre] Myter og mistydingar
Kva som er dei høgaste fossane i landet er ofte omdiskutert. Ofte vert fossar som er lett tilgjengeleg eller som vert rekna som turistattraksjonar feilaktig omtalt som høgast i landet eller i eit område. Fossar med større volum ser gjerne meir imponerande ut enn fossar med lite vatn, og vert òg stundom feilaktig prioritert på lister over dei høgaste fossane. Høgda på fossar kan målast ut frå både total høgd om fossen har fleire fall og høgda på det høgaste fallet. Desse omgrepa kan stundom forvekslast. Både Vettisfossen og Feigefossen har vorte omtalt som dei høgaste i landet [1]. Mardalsfossen er eit anna døme og sjølv Vøringsfossen, som er den 83. høgaste i landet, har vorte kalla den høgaste i Noreg[2].
Mange fossar i landet er regulerte med omsyn på vasskraftproduksjon og ei anna feilkjelde er at kraftindustrien kan omtale det maksimale høgdepotensialet til ei elv som kan utnyttast i kraftproduksjonen. Denne høgda er ikkje nødvendigvis den same høgda som sjølve fossefallet.
[endre] Høgaste fossar i landet
Den høgaste fossen i Noreg etter totalt fall er truleg Vinnufossen i Sunndal kommune i Møre og Romsdal med ei høgd på om lag 860 meter. Dette gjer han òg til den høgaste fossen i Europa og den sjette høgaste i verda. Det høgaste fallet i Vinnufossen er derimot «berre» 420 m og Mongefossen i Rauma i Møre og Romsdal har det høgaste enkeltfallet i Noreg med 773 meter. Mongefossen er regulert og tørrlagt store deler av året.
[endre] Liste
Lista inneheld fossane i Noreg med ei totalt fall på 100 meter eller høgare. Talet på desse fossane viser seg å vere nøyaktig 100. Lista inneheld både fossar med lite volum og fossar som berre eksisterer til somme tider på året. Denne typen fossar vert ikkje alltid tatt med på slike lister.
Sjølv om det er fossar frå Møre og Romsdal som toppar begge desse listene, er det Sogn og Fjordane som har flest fossar over 100 meter med 37 stykk. Hordaland har 34 stykk, medan Møre og Romsdal har 20. Det vil sei at det er ni fossar på over 100 meter i resten av landet.
Enkelte høgder kan vere noko unøyaktig, så lista kan innehalde feil.