Kitherónas
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kitherónas Κιθαιρώνας |
||
---|---|---|
Høgd over havet | 1 409 moh | |
Ligg i/på | Viotía og Attikí i Hellas |
Kitherónas (gresk Κιθαιρώνας) er ei fjellkjede sentralt i Hellas mellom Boiotia i nord og Attika i sør. Ho består hovudsakleg av kalkstein og er 1 409 moh på det høgaste. Nordaustsida av kjeda er forma av fjellet Pastra.
Fjellkjeda var åstad for mange hendingar i gresk mytologi og var særleg heilag for Dionysos. Oedipus vart avslørt på fjellet, medan Aktaion og Pentheos vart skild frå kvarandre her. I historiske tider var fjellet åstad for slaget ved Plataea i 479 fvt. og det var mykje småslossing her før sjølve slaget. I seinare tid var det bygd festningsverk både ved Plataea og Erythres sidan fjellet var ei omstridt naturleg grense mellom Athen og Theben. Folket i Plataea personifiserte fjellet som deira opphavlege konge: «Plataearane kjenner ingen konge bortsett frå Asopos og Kithairon før han, den sistnemnde gav namnet sitt til fjellet, den førstnemnde til elva» (Pausanias 9.1.1).
[endre] Kjelde
- Denne artikkelen er basert på ei omsetjing av artikkelen Kithairon frå Engelsk Wikipedia der følgjande kjelder mellom anna vart nytta: