Khartoum
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Plassering | |
---|---|
Styresmakter | |
Land Provins |
Sudan al-Chartum |
Grunnlagd | 1821 |
Geografi | |
Innbyggjarar - By |
2 090 001 |
Koordinatar | Koordinatar: |
Høgd over havet | 382 m |
Khartoum (الخرطوم, al-Kharṭūm som tyder «elefantsnabel») er hovudstad i Sudan. Byen ligg der Kvite-Nilen (som kjem frå Uganda), møter Blå-Nilen (som kjem frå Etiopia) i det som poetisk vert kalla historiens lengste kyss, Al mogran. Byen har eit folketal på om lag 2 millionar, og dannar saman med Omdurman eit storbyområde med om lag 4 millionar innbyggjarar. Dette området er delt av elvane i 3 delar, Khartoum, som er den tidlegere britiske delen, Omdurman er den sudanesiske hovudstaden som var Mahdien og Ansarrørsla sin hovudstad og skanse i striden med britene. Khartoum North er i dag den bydelen som har utvikla seg i dei seinare åra og har vakse fram som nytt bu- og industriområde.
Byen vart grunnlagd i 1821, som ein utpost for den egyptiske armén. I byen ligg Khartoum universitet.