Josef Terboven
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Josef Antonius Heinrich Terboven (23. mai 1898–8. mai 1945) var ein tysk administrator. Han var fødd i Essen i Tyskland.
Terboven er mest kjend for ha vore Reichskommissar für die besetzten norwegischen Gebiete (Rikskommisær for dei hérsette norske områda) under den andre verdskrigen frå 24. april 1940 til 7. mai 1945. I denne stillinga gjorde Terboven bruk av Vidkun Quisling og partiet Nasjonal Samling. Terboven hadde berre Adolf Hitler over seg og hadde i røynda diktatorisk mynde i Noreg.
Han var ansvarleg for den tyske administrasjonen av Noreg under krigen. Han sto bak unntakstilstanden i Oslo i 1941 og i Trondheim i 1942. Han ga ordre om å øydeleggja Tælavåg og skyta 18 unge englandsfararar.
Samla vurdert kan ein seia at Terboven var oppteken av å oppretthalda ro og orden i Noreg. For å oppnå dette vart det teke i bruk avskrekkjande straffemetodar. Om ein trass i dette samanliknar med tysk okkupasjon av til dømes område i Sovjetunionen og Jugoslavia kan ein seia at okkupasjonen av Noreg var mild.
Då freden kom i mai 1945 tok han sjølvmord i ein bunker på Skaugum. Terboven hadde budd på Skaugum sidan juni 1940.
[endre] Sjå og mellom anna
- Noreg under andre verdskrigen
- Josef Terboven sine kommissariske statsrådar
- Administrasjonsrådet
- Curt Bräuer
- Knut Hamsun
- Vidkun Quisling
[endre] Litteratur
Nøkleby, Berit 1992: Josef Terboven : Hitlers mann i Norge. Oslo : Gyldendal, 1992.