See also ebooksgratis.com: no banners, no cookies, totally FREE.

CLASSICISTRANIERI HOME PAGE - YOUTUBE CHANNEL
Privacy Policy Cookie Policy Terms and Conditions
Jernverk - Wikipedia

Jernverk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Frå Næs jernverk, restaurert masomnbygning med vasshjul i drift
Frå Næs jernverk, restaurert masomnbygning med vasshjul i drift

Jernverk er eit føretak som foredlar jernmalm til smijern og støypejern. Jernverksdrift vart sterkt utvikla i seinmellomalderen, og utvikla vidare industrielt.

I jernalderen skaffa ein seg smijern ved å foredla myrmalm. Denne metoden, kalla jernvinne, vart nytta heilt fram til slutten av 1700-talet enkelte stader i Noreg og Sverige.

Teknologien for å utvinna og foredla jernmalm og vart innførd til Noreg frå Tyskland i siste del av 1500-talet. Dei viktige jerngruvene i Arendalsfeltet var opna i 1585, og dei la grunnlaget for bygging av mange jernverk, det første var Barbu Jernverk.

Sentralt på eit jernverk var gjerne ein masomn. Masomnar vart mura med tykke steinmurar, og var som ein skorstein. Frå toppen av masomnen vart det vekslande fyld jernmalm og trekol, og visse andre mineral i mindre mengd. Ved botnen av masovnen vart luft blåst inn ved hjelp av blåsebelgar, og desse vart gjerne drivne av store vasshjul.

I 1855 vart det teke patent på ein ny type jernverksteknologi, kalla Bessemerprosessen. Den nye metoden gjorde det mogleg å nytta steinkol til jernsmeltinga, og dei gamle norske jernverka vart på slutten av 1800-talet etter kvart lagde ned. Noen av dei la om driften til å verta jernstøyperi som nytta innførd rujern og steinkol som råstoff i staden for norsk jernmalm og trekol. Dei nye jernstøperia vart gjerne liggjande ved byar langs kysten.

[endre] Nokre kjende norske jernverk

  • Barbu Jernverk
  • Bærums Verk
  • Egelands Verk
  • Eidsfos Jernverk
  • Eidsvoll Verk
  • Frolands verk
  • Hakadals verk
  • Næs Jernverk
  • Norsk Jernverk


aa - ab - af - ak - als - am - an - ang - ar - arc - as - ast - av - ay - az - ba - bar - bat_smg - bcl - be - be_x_old - bg - bh - bi - bm - bn - bo - bpy - br - bs - bug - bxr - ca - cbk_zam - cdo - ce - ceb - ch - cho - chr - chy - co - cr - crh - cs - csb - cu - cv - cy - da - de - diq - dsb - dv - dz - ee - el - eml - en - eo - es - et - eu - ext - fa - ff - fi - fiu_vro - fj - fo - fr - frp - fur - fy - ga - gan - gd - gl - glk - gn - got - gu - gv - ha - hak - haw - he - hi - hif - ho - hr - hsb - ht - hu - hy - hz - ia - id - ie - ig - ii - ik - ilo - io - is - it - iu - ja - jbo - jv - ka - kaa - kab - kg - ki - kj - kk - kl - km - kn - ko - kr - ks - ksh - ku - kv - kw - ky - la - lad - lb - lbe - lg - li - lij - lmo - ln - lo - lt - lv - map_bms - mdf - mg - mh - mi - mk - ml - mn - mo - mr - mt - mus - my - myv - mzn - na - nah - nap - nds - nds_nl - ne - new - ng - nl - nn - no - nov - nrm - nv - ny - oc - om - or - os - pa - pag - pam - pap - pdc - pi - pih - pl - pms - ps - pt - qu - quality - rm - rmy - rn - ro - roa_rup - roa_tara - ru - rw - sa - sah - sc - scn - sco - sd - se - sg - sh - si - simple - sk - sl - sm - sn - so - sr - srn - ss - st - stq - su - sv - sw - szl - ta - te - tet - tg - th - ti - tk - tl - tlh - tn - to - tpi - tr - ts - tt - tum - tw - ty - udm - ug - uk - ur - uz - ve - vec - vi - vls - vo - wa - war - wo - wuu - xal - xh - yi - yo - za - zea - zh - zh_classical - zh_min_nan - zh_yue - zu -