Jens Zetlitz
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Jens Zetlitz (26. januar 1761–14. januar 1821) var ein norsk diktar, fødd i Stavanger. På slutten av 1700-talet flytta til København for å studera teologi. Der vart han medlem av Det Norske Selskab, og vart særleg kjend for sine selskapssongar og drikkeviser. Etter studietida flytta han attende til Noreg, og arbeidde som sokneprest i Vikedal og seinare Kviteseid til han døydde. Han fekk fire barn med Maren Elisabeth Bull (fødd 11. september 1761, død 20. januar 1801); Axeliane Christine Zetlitz, gift Kielland (fødd 8. juli 1792, død 15. februar 1855), Mette Christine (fødd 1794, død 1853), Kirsten (født 1799, død 1878) og Johanne Margrethe (født 1797). Axeliane vart mor til Jens Zetlitz Kielland (1816-1881), som igjen mellom anna vart far til forfattaren Alexander Lange Kielland og kunstnarinna Kitty Kielland.
Jens Zetlitz har i dag ei gate i Stavanger oppkalla etter seg. Popartisten Bertine Zetlitz er Zetlitz-familien sin mest kjende nolevande person.
[endre] Verk
- Poesier: første samling (1789)
- Eegenæs: et Digt med Anmærkninger (1793)
- Sange for den norske bondestand (1795)
- Psalmer (1795)
- En norsk Höst: et Digt (1800)
- Johan Nordahl Brun, Biskop over Bergens Stift (1805)
- Alkoran: d.e. Capitlernes Bog for 1806 (1806)
- Sange for Den Norske Bondestand (1812)
- Prædikener og Leilighedstaler (1822)
- Egenæs: et digt med anmærkninger (1825)
- 2den Deel (1825)
- Jens Zetlitz's samlede Digte (1825)
- 1ste deel (1825)
- Sange for den norske Bondestand (1842)
- Norske Almuesangeres Kløverblad: eller Bruns, Frimanns og Zetlit's Sange for den norske Bondestand. - Godtkjøbsudgave (1853)
- Ny Vise om Jernbanemoroen ved Mjøndalen (1875)
- Udvalg af Jens Zetlitz' Digte (1886)
- Reyse fra Stavanger til Wigedahl i aare (1968)
- Jens Zetlitz : et tohundreårsminne (1990)