Bertine Zetlitz
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Bertine Zetlitz (f. 9. april 1975) er ein norsk musikar som lagar elektronisk popmusikk. Hennar tre siste plater, Beautiful So Far, Sweet Injections og Rollerskating har alle vore blant topp to på VG-lista.
Innhaldsliste |
[endre] Biografi
Bertine Zetlitz voks opp på Frogner i Oslo. 12 år gamal var ho med i NRKs laurdagsprogram for born og ungdom, Midt i smørøyet. Ho platedebuterte med singelen «Getting Out» i februar 1997, men debutalbumet Morbid Latenight Show kom først i mars 1998. For dette fekk ho Spellemannsprisane «Årets nykommer» og «Årets popartist».
Ho vann ein Spellemannspris i 2003 òg, som «Beste kvinnelige popsolist» for albumet Sweet Injections.
[endre] Diskografi
[endre] Album
- (1998) Morbid Late Night Show
- (2000) Beautiful So Far
- (2003) Sweet Injections
- (2004) Rollerskating
[endre] Singlar
- (2000) «Adore Me»
- (2000) «Cruel»
- (2001) «Fate»
- (2003) «Girl Like You»
- (2003) «Twisted Little Star»
- (2004) «Fake Your Beauty»
- (2005) «Ah-Ah»
[endre] EP
- (1998) Morbid Remix Show