Irkutsk oblast
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
|
|||||
Hovudstad | Irkutsk | ||||
Areal - Totalt |
Rangering: 5. 767 900 km² |
||||
Innbyggjartal - totalt |
Rangering: 21. ca. 2 527 000 (2006) |
||||
Føderalt distrikt | Sibir | ||||
Økonomisk region | Aust-Sibir | ||||
Regionsnummer | 38 | ||||
Offisielt språk | Russisk | ||||
Guvernør | Aleksandr Georgijevitsj Tisjanin | ||||
Nasjonalsong | |||||
Tidssone | UTC +0800 |
Irkutsk oblast, (russisk Иркутская область) er ein provins (oblast) i Russland og eit av føderasjonssubjekta i den russiske føderasjonen. Det sjølvstyrte området Ust-Orda Burjatia var ein del av provinsen, men samstundes eit eige føderasjonssubjekt, fram til 1. januar 2008, då det vart innlemma fullstendig i Irkutsk oblast. Hovudstaden er Irkutsk, arealet er 767 900 km² og innbyggjartalet er 2 527 000 (2006).
Innhaldsliste |
[endre] Geografi
Irkutsk oblast ligg i Sibir. I søraust, på grensa til republikken Burjatia, ligg Bajkalsjøen. Området er berglendt, med fjelltoppar opp til 3000 meter over havet. Dei største elvane er Angara og Lena. Opp til 75 % av territoriet er skogkledd. Klimaet er kaldt om vinteren og varmt om sommaren, med middeltemperatur - 26 grader celsius i januar, og 18 grader celsius i juli. I grunnen i Irkutsk oblast fins det kol, gull, og jarnmalm.
[endre] Demografi
Folketalet i Irkutsk oblast har minka kraftig sidan oppløysinga av Sovjetunionen. Frå 1989 til 2006 gjekk det ned med 9,9 %. Den etniske samansetjinga i 2002 var:
- Russarar: 89,9 %
- Burjatar: 3,1 %
- Ukrainarar: 2,1 %
- Tatarar: 1,2 %
[endre] Politikk
Ved valet til lovgjevande forsamling i Irkutsk oblast i oktober 2004 var dei største partia:
- Sameint Russland 30,2 %
- Kommunistpartiet 12,9 %
- Russlands agrarparti 9,1 %
- Rodina 9,1 %
[endre] Historie
For tusen år sida var området folkesett av tyrkiske folkeslag. På 1200-talet vart området del av det mongolske verdsriket. Burjatane var det viktigaste folkeslaget som budde i området då russarane begynte å koma hit på 1500-talet. I løpet av 1600-talet vart området underlagt det russiske imperiet. Byen Irkutsk vart grunnlagd som fort i 1661 og fekk bystatus i 1686. I 1764 vart provinsen Irkutsk oppretta. Han omfatta då alt russisk område mellom elva Jenisej og Stillehavet. Frå 1803 heldt generalguvernøren over Sibir til i Irkutsk.
Under den russiske revolusjonen vart Sovjet-styret oppretta i byen Irkutsk i desember 1917, men sommaren 1918 vart området erobra av kontrarevolusjonære styrkar (kvitegardistar). I januar 1920 gjenerobra den raude arméen byen Irkutsk. I 1937 vart Irkutsk oblast oppretta, med Ust-Ordynsk-burjat-mongolske nasjonale distrikt som ein del av provinsen. Då Sovjetunionen vart oppløyst i 1991 vart Irkutsk oblast eit føderasjonssubjekt. 16. april 2006 vart det heldt folkerøysting om å slå Ust-Orda Burjatia saman med Irkutsk oblast. Dette fekk fleirtal, og vil skje den 1. januar 2008.
[endre] Eksterne lenkjer
- Artikkel frå NUPI på engelsk
- Kommersant artikkel på engelsk
- Offisielle nettsider på engelsk og russisk.
|